Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Skrubbesoger frå Kvinesdal

Skrubbesoger

På Fossevatnet møtte han skrubbar.
Illustratør: Kåre Sandvand («Sandis»)

Skrubbane var ei rein landeplage i bygda i eldre tid. Ole Gausdal var trulig den siste som såg skrubb i Kvinesdal. Då var han 9 år og han var født i 1854. Han gjætte sauer for far sin på Strånna og då såg han ein skrubb nedanfor Strånnejeida. Skrubben tok ingen sauer den gongen, sa Ola, men bestefar min mista ein gong 15 sauer som skrubben tok. Det var mange skrubbar rundt Gausdal i eldre tid. Om vinteren stod dei oppe i liene og hylte, og i svære rennefokrier kom dei alt ned til husa. Det var livsfarlig å koma ut på tunet. Då Ola budde i kili, kom skrubben og tok ein sau bak husa. Den bar han opp på Eikebakken og ned til Obmundslona. Der åt han opp sauen.

Då Abraham Espeland d.e. budde på Agedal, kom han ein gong heim seint om kvelden. Det var om vinteren og Abraham var uvanlig flink på ski. På Fossevatnet møtte han 6 skrubbar. Han såg dei raude kjeftane rundt seg og augo gløste i mørket. Skrubbane følgde han heilt heim. Når dei blei altfor nærsøkne, slo han kring seg med skistaven. Då han kom inn i stova heime, var han så trøytt, at han var segneferdig.

I Tjæremyra på Svindland hadde skrubben kome ned gjennom ljoren i taket og ned i fjøset. Skrubben drap ikkje då han merka at han var innestengt. Mannen i huset vakna då han høyrde at krøteret blei urolige. Han treiv ei øks i handa og sprang opp på taket og tetta ljoreholet. Så sprang han inn i fjøset og slo skrubben i hel.

Jakob Solberg, far til Jens Narvestad, møtte ein gong 7 skrubbar på Kattekjødna. Det skulle vera mykje skrubb på denne heia i eldre tid.

Gabriel, far til Anders Vatland, kom til Versland, og då hadde skrubbane tatt alle geitene til Tobias Versland. «Hadde eg bare fengje att bjøllene», sa Tobias.

Gabriel Våskeland hadde ein hjuring som heitte Tobias Stølen frå Gyland. Denne hjuringen hadde fått eit lam som han var så glad i. Ein dag sat han og åt og delte nistematen med lammet. Då kom det 2 skrubbar frå kvar sin kant og reiv lammet av på midten og åt det opp. Hjuringen fekk skjenn om kvelden for han ikkje passa betre på lammet sitt. Dagen etter skulle hjuringen ha fri og lesa for presten. Eigaren skulle då gjæta sjølv. Då kom det skrubbar og tok dei 2 beste sauene hans.

Bestefar min, Anen Stokkeland 1828-1919, gjætte på Nekland i 1840. Då var han 12 år. Då kom det skrubbar inn i krøterflokken. Han tok til å skråla slik at han skræmde skrubbane så dei la til sprangs. Han måtte få ein alvorlig støkk. Eg minnest han drøymde at skrubbane kom, og då tok han til å skråla som det galdt livet.

På Gjemlestad kom det ein gong 5 skrubbar hylande opp gjennom garden. Ein skrubb sprang opp på fjøstaket og reiv bort dotten i ljorholet, men han våga seg ikkje ned til krøteret.

Far til Jens i Kleivan hadde vore til kyrkje ein søndag. Han stogga på Øvre Egeland til det blei mørkt. Då han skulle heim, høyrde dei så mange ulvehyl i Egelandsmarka, at han våga ikkje å gå heim før dagen etter.

På Gullestadneset kom skrubben inn på kjøkkenet. Far til Amalia Faret var 10 år den gongen. Han sprang til Gullestad og bad dei passa på krøteret sitt. Då hadde skrubben teke 3 geiter frå Samuel Olsen.

Ein mann frå Åmodt hadde lagt ut ulvesaks på Skjenøyna. Det var om vinteren og ulven blei hangande fast med foten i saksa. Han drog med seg saksa over elva og kraup inn i Gullura i utmarka til Gullestad. Jørgen Gullestad fann ulven og drap han med ein jernstaur som han stakk inn i ulvegapet.

Det var ingen som haga inn utmarkene før i 60 åra. Før den tid måtte dei ha hjuringar og då trong dei ikkje gjerder.

Skrubbane blei borte over heile Sørlandet kring 1863, men ingen kan forklara grunnen. Det står i Fjotlandsboka at det var Pilt-Olav som fekk vekk skrubbane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *