Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Skrymslor ved Gjildra

Elsa Lunde, og det ho fortalde


Lo'n var nok ikkje den einaste som vart ute for noko nordan Eidsbrune. Ved eit berg som heiter Gjildra, sør for elveosen, var det serleg skrymslone heldt seg.

Ein gong var Guttorrn på Hagastrønd'n tenestgut på Brekke. Ein dag hadde han vore uppi Dale etter eit lass. Då han kom te Gjildra, stana hesten hans tvert. Han fekk han ikkje or staden. Då gjekk han ned og tok hesten i beislet. Men då skar han ut, so han Guttorm fekk so vilt sendt seg på lasset. Og i hoggande tan gjekk det te Eltun, og då var hesten laugande sveitt.

Det gjekk no eitt år før eg kom te Lunde att på folkeminneuppskriving. Men då var den sterke kvinna sengeliggjande. Men åndsfrisk var ho, og ho talte det var gildt å få tala med folk som sette pris på det vesle som sat att hjå henne frå gamle dagar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *