Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Skrymslor


På Hove i Vestringsgardo, på øvre garden, i gamlestoga, var det fælt uroleg eit bel. Eg var godt kjend der, skal du vita, so eg veit kva eg talar um. Eg raka der i trettan sumrar, og um vinteren var eg ogso arbeidsmenneske på garden der.

Fyrst hende det tenestguten noko underleg. Han heitte endå Knut. Ein laurdagskveld kom han heimatt etter ei ranglenatt og hadde lagt seg. Der visste han ikkje ordet tå for det kom ein stor, svart katt og sprang over bringa hans og ut gjenom høgsætglaset. Han vart dugeleg redd, som ventande kunde vera.

So var det ein gong seinare at eg fornamde noko. Midt på dagen sat eg og vov ned i stoga. Då vart det slik fæl leven uppi tredje høgdi, at eg tok spranget ut. Det var plent som det skulde vore fullt med folk der, og det høyrdest ut som dei heldt leven med kannor, koppar og kar. Men so tykte eg det var skam at eg – te meg komne menneskja — skulde vera redd, og so gjekk eg innat. Men då var alt kurt.

So var det budeia som vart ute for noko rart der. Ho stod på eit lite rom og skifte klæde. Der visste ho ikkje ordet tå noko, før ho vart mest som gripi kring livet med tvo hender og klemd. Det var nær på ho hadde sett i og skrike. Ho vart so redd at ho tok klædi sine og sprang ut på gangen.

Dette er einaste staden eg har upplevt noko uvanlege merkeleg på.

Det var ei av grannekjerringane heime som det var so uforskammeleg vondt å få småfolk for. Den fyrste ungen ho fekk, gjekk det nokso godt med, men dei hine laut dokteren ta frå henne stykkevis. Dei vilde ha det te di at ho hadde sete so mykje at isbeinet var innsete. Isbeinet er siste beinet i ryggen. Med kona var liti smågjente, var ho tolug og snild, og difor hadde mor hennar late ho sete for mykje med arbeid.

Ein sumar med ho var på stølen, fekk ho småe. Etterpå vart det barselfeber, og so døydde ho. Det var varmt, so det var um å gjera å få henne fort åt gravi.

No var det ein flink snikkar heime i bygdi, som hadde laga seg te ei likkiste åt seg sjølv. Ho stod uppå eit lite rom, te han sjølv skulde få bruk for ho. Det var mange i gamal tid som brukte å laga si eige likkiste.

No var det hjå denne snikkaren ein leigdekall, dei kalla Knut i Rennebrøta. Han var heime åleine og visste ikkje noko um det som hadde hendt på stølen. Um natti med han låg, fekk han høyre at det gjekk folk upp gjenom troppi og upp på romet der kista stod. Og so høyrde han det tok te å rusle i fjøler og i loket på kista. So synest han at kista vart børi ned troppi. Det let upp gangdøri, og så totte han likkista vart bori ut.
Teslutt stod han Knut upp og gjekk stad såg etter um det var noko å sjå. Men ikkje noko såg han. Kista stod urørd der ho hadde stade. Um morgonen fekk han løysing på det han hadde høyrt. Då kom mannen åt den døde kona. Han hadde fått kista, fordi det hasta so med å få kona åt jordi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *