Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Skular i Haugesund

Eg minnest godt den dagen mor tok meg med te frøken Lovise Nymann og skreiv meg inn i smågutskulen hennas, i Dominicus Nagell sitt hus, nord i Strandgatå. Etterpå gjekk me te fotograf Henriksen og fekk han te å ta eit bilæte av meg te minne om dagen. Eg har det endå.

Åre etter flytte eg øve te almueskulen, der politikammere er nå. Ths. Manger var skulestyrar, men Mei straks etter kæmnar, og Lars Kyvik kom i sta’en hans. Gutane gjekk på skulen frå klokkå åtte te elleve dei fysste fem dagane i vekå og frå åtte te halv ti om lørdagen. Jentene hadde lika lang tid. Om lørdagen kom dei når me gjekk og var te klokkå 11. Men eg trur dei hadde ettermiddagstid dei andre dagane.

Me hadde lesing, skriving, rekning og religion. Abc-å var ikkje eit kunstverk som nå. Hu var bunde inn i eit trøttanes blått pappbind og inni var det eit einaste bilæte — ein liten Rafaels-engel i svart prent på tittelblade. I Jensens lesebok var det heller ikkje bilæte. Men me likte henne likavel for det sto gilde forteljingar om «Hunger er den bedste kok» og «En bispevisitas», då bispen spurde bådnå: «Forstår I nu også, hvad I læse»? Så sto der eit gildt dikt om «En kokusnød paa havet flød, omtumled vildt af voven». Men det morosamaste av alt var dette dikte:

En bondeknøs, som hedte Hans
og havde været udenlands
med herremandens søn et aar,
kom hjem til faders fæstegaard.
Og i den lille bondeby
fortalte han nu stolt og kry
til fryd for store som for smaa
om hvad i fremmed land han saa.
Og Hans forstod den kunst at lyve
så fort som hest kan rende, fugl kan flyve.

Dette sa dei då var «undervisning i modersmaalet».

Læraren skreiv rekneoppgåvene på veggtavlå, men skrivebokstavane var prenta på store pappplater, som han hengde opp på veggen i skrivetimane. I dei høgare klassane trur eg dei hadde prenta reknebok, men eg hadde ikkje før eg kom på borgarskulen. I religion hadde me katekismusbok og Pontoppidans store forklaring. Den var det ikkje lett å læra utanboks. Eg har grene mange gonger øve den.

Frå almueskulen flytte eg øve te borgarskulen. Det høyrde med te opplæringå då å pryla lekser, orden og god framferd i skulebådnå. På almueskulen slo dei med linjal på fingrane og med ris på blanke enden, på, borgarskulen med spanskrøyr.

Lærar cand. theol. Ole Vollan kom med eit framlegg te brigde i skuleloven om at læraren sku seia frå te skulestyraren før han prylte ein elev. Men då fekk han det. Ein skulemann skreiv i Dagbladet: «Nærmere at utvikle følgene av en sådan lov, der visstnok ville være enestående i hele den siviliserte verden, kan neppe ansees nødvendig».

På borgarskulen var ein lærar som aldri prylte. Det var Aslak Brommeland. Han trong det ikkje heller, for han og elevane var venner. Og me lærte av han endå han sjelden høyrde oss i leksene. Han gjekk gjenom leksene med oss og fylte ut med møkje han viste utanom det som stod i bokå. I skrivetimane leste han for oss. Eg hugsar han leste «Frå dansketidi» av Kristofer Janson. Å, du! då han leste om den sterke presten Mads, og om Gamle Jo skyttar, som dei svenske soldatane tok te vegvisar øve fjelle te Sogn! Dei ville plyndra der, men kom ikkje fram. Om våren då snøen smelta, fann dei svenskane under fonnå og underst låg Jo.

Ein ettermiddag tok Brommeland oss med opp på fjelle noranom Haraldsvang. Fysst kokte me kaffi og åt opp maten. Etterpå leika me striden mellom Håkon den goe og Gunhildsønene. Egil Eide var Øyvind Skrøya. Han var stor og sterk og hadde eit mål som kunne skræma skrubben. Men kongsmennene greidde han ikkje. Han måtte i bakken. Dette var sikkert den fysste historiske rollå han spela.

I 1880 flytte borgarskulen inn i nytt hus og blei «middelskule», med cand. mag. L. Halvorsen frå Stavanger som styrar og kapt. Aubert, cand. theol. Kvaale, A. Brommeland og T. Strømme som lærerar.

Halvorsen kom te å gro fast i byen liksom gamle-byfuten og gamle-konsulen og blei så heilt haugesunder at han skreiv bysongen «Ser du havet vester ute». Frå fysst av gjekk songen med same tonen som «Ja, vi elsker». Men så kom organist Ingarth Rojahn med sin fengjande melodi og då blei han bysongen for rektig.

Halvorsen fekk meg inn på latinlinjå. Han underviste i norsk og latin. Han var ingen målstrævar, men latinen elska han. Me brukte Madvigs store grammatikk, men likevel var det på. ei vis gilde timar for Halvorsen var i sers godlag då, med sine goe venner Cæsar og Cicero. Han var ein gild mann, men i ordskifte om unionspolitikk og målstræv hadde han lett for å bli hissig. Han hadde tri store interesser: latin, hyse-fiskje og høyrepolitikk.

Ein annan gild lærar var Kvaale. Utanom skulen interesserte han seg for skogplanting. Det er møkje han å takka at me har Haraldsvang.

John A. Døsseland var Og ein lærar som eg minnest med glea. Han gjore møkje for ungdomen utanom skulen Og. Han fekk fart i turnforeningen, fekk folkeboksamlingen i gang att og arbeidde lenge med’an utan løn. Han skipa Museum- og historielage, Den tekniske kveldskulen og arbeidde for å få gymnastikken i skule og turn passt inn i eit heimevern.

I 1875 blei her sett i gang ein privatskule for jenter. Frøken Constance Kruse frå Kongsvinger sku styra’n. Hu var ikkje meir enn 18 år då hu kom, men hu visste vel ka hu tok på seg og ka hu ville.

Skulen var frå fysst av i vårt hus og frøken Kruse budde ovanpå. Hu var gild med oss bådnå og godt te vens med mor; eit greidt menneske som kom te å syna att i byen. Hu blei gift med skipsreiar

Arne Lothe og fru Anna Steineger kom i sta’en hennas på skulen.

I 1897 blei jenteskulen kommunal og knytt te middelskulen med frøken de Seue som inspektrise. Frøken de Seue var eit fint godt menneske som ville elevane alt vel og derfor gav hu dei goe råd. Men det e’kje alltid at goe råd verkar som tenkt er. Ein dag kom ein flokk halvvaksne jenter stormande inn i bokbuå mi. «Har De Bjørnsons Mary» ? ropa dei. «Ja». «Det var godt, me ska heim etter penger». Så for dei på dør. Eg forsto ingenting, men seinare fekk eg høyra at frøken de Seue hadde sagt te klassen: «Dersom dere kommer over en bog av Bjørnson som heder Mary, må dere ikke læse den».

Lønene i folkeskulen var:

I 1881 for lærerar 680 kroner åre og for lærarinner 400 + 2 kroner vekå i statstilskot.

I 1891 for lærerar i lågaste gruppa 1000 kroner — etter 15 års tenestetid 1300 kroner.

For lærerar i høgaste gruppa 1400 kroner etter 15 års tenestetid 1700 kroner.

For lærarinner i lågaste gruppa 600 kroner etter 10 års tenestetid 800 kroner.

For lærarinner i høgaste gruppa 800 kroner etter 10 års tenestetid 1000 kroner.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *