Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Skulemeister Per Melaanesei var i krigen…

Per Melaaneset var skulemeister og dreiv med skula i Grendalen, daa han fekk høyra krigen hadde brote laus. Daa gjorde han eit rundkast og bad borna leggja ihop skulestellet sitt og gaa heimatt, for no hadde ikkje han tider til aa halda skule lenger, sa han.

I krigen var han so hard til aa gaa paa, og heldt seg stedt lengst fram i. Ein gong laag han fremst, ja framan med og, bak ein stein og skaut. Men han kunde ikkje halda seg i ro bak steinen med han ladde hell, men lyfte seg upp og saag etter svensken, so dei som laag bakan med fekk nakken hans i siktkornet naar dei skulde sikta paa svensken. So ropte dei aat ‘n daa:

«Du faar gi deg ne’ paa litt, Per, saa vi faar skjøte vi ø!»

Det var mange ordstø etter’n Per, for han var so svært snartenkt. Paa tinget ein gong var det ein sakførar som hadde høyrt gjete dette, og so vilde han prøva.

«Men du Per som ved saa meget,» sa han, «kan du sige mig om det nogen gang har været tomt i helvede?»
«Ja, det var en gong», sa’n Per, «det var en sakførar som døe, og da sette alle devla ut tur helvete for aa ta mot’n»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.