Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Slaget i Svanga


Det har vore fortalt at i gamle dågå vilde osterdølan ha fiskerett i Lågen. Når dei var på vegen hitover for dei den gamle fjellvegen over Somfjellet, Gopol'n og Rollstulen. Innafor Heggerustsetra på Rollstula er det nokre store steinar som er kalla Kliningsteinan. Namnet har dei fått av di folk bruka kvile der, og så hadde dei med seg grautkliningar til niste, og den tok dei da upp her og åt og så vart det Kliningsteinan.

Det var i Losna at østerdølan hadde fiskje sitt. Der hadde dei bygt seg fiskebuer med store jønnringar i dørom tjl å binde båtan sine i. Slik skal Ringbu ha fått namnet sitt.

Men så vart ringbyggjan lei tå å ha østerdølan framved seg der og jaga dei frå vatnet. Det vilde ikkje østerdølan finne seg i, og så samla dei ein her og kom fjellvegen farande. Detta spurdest her i dala, og så samla dølan seg au og skulde ta imot dei inni fjellet. Dei møttest ein sta'n som heiter Glupen, eit trongt skar som skulde vera lugumt å stenge østerdølom i. Det var stor skog der, den gongen.

Det har vore fortalt på ymse måte um korleis det bar til da dei møttest. På ein måte har det vore sagt at ringbyggjan ikkje var alle da dei møttest, så dei laut vike unna til Svangen, dit hine var komne. Og nå vart det eit kvast slag, og her vart det østerdølan som laut vike, og dei rymde innover, og dølan sette etter og nådde dei ein sta'n norda Gopol'n. Der vart det hardt slag att, og der fall østerdalskongen.

Dette stellet heiter Kongsvangen den dag i dag.

Der slaget sto ved Svangen, skal det vera gravhaugar, og der har vore funne våpen der au.

Dette slaget sto nok før Harald Hårfager for og la landet under seg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *