Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

Slakteskikkar

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Slakteskikkar

Det fyrste beinet i dyrehalsen har ein rund beinknute. Denne kalla me ulveknuten. Den hogg me gjerne tå med ei øks. Eg trur namnet kom seg tå di at gråbeinen beit dyri han tok, ihel nett der. Siste gong eg såg dei hogg av ulveknuten, var eg ei 10-12 år.

Når slaktekalvane hadde fått drukke tre gonger, vart dei i gamle dagar avliva. Den tredje drykken kalla dei vasledrykken.

Han Gudbrand i Søre Massestogun slakta mykje. Når han skulde te skjera dyret i strupen, gjorde han ein kross med knivsbakken over der han skulde skjera dyret, og so sa han: «I Jøsse namn.» Dette var ogso då eg var smågut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *