Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Slakting


Her eit året kom det sendande ei liti spyrjeliste frå dr. Nils Lid um slakting. Her kjem det Ragndi Moen visste um dette:

Hestane vart mest brukt te rovdyråte i gamal tid. Te matslakt vart dei ikkje nytta. Når dei slakta hestane, klipte dei stødt tå dei luggen. Det var truleg fordi han ikkje skulde ta av for svimeslaget dei fekk i skallen.

Slaktaren batt alltid plagg for augo åt hestane og nautskrøteri når dei skulde te slakte dei.

Grisene sette dei eit rennesnar kring tranten på, når det skulde under kniven. Dette la dei fyrst over øvre kjeften innanfor gjegntennene. Dei batt so toget kring heile tranten. So drog dei grisen burt te ein slede, velte han uppå, batt han fast og stakk han i strupen.

Når dei hadde skore av kalveføtene, so slo dei den avskorne foten mot den stubben han var avskoren frå. Det var berre kalveføtene eg hugsa dei gjorde det so med. Kva mening dei hadde med dette, veit eg ikkje.

Dreparknuten var fremste beinet på halsen. Dette beinet vart på ein måte vanda te mat. Det vart nok kokt og framsett, men dei gamle hadde ikkje hug te eta kjøtet på det.

Det var ein gong det kom ei taterkjerring inn te oss. Eg var berre ei liti rove då. Det er so vidt eg hugnar det. Sa bad ho um å få ein kjøtbit, men ho la te:

«Men gje me kji tå dei beta som ha le-e dau'n!»

Når dei slakta på store gardar, kasta dei føtene ned i ei stor førsleteine. Um kvelden var det taksten at karane rusla burt i skogen med denne teina. Der tok dei snæreved og laga ein varme tå. So sat dei der og svidde håret tå føtene. Det var helst småkrøterføtene dei gjorde dette med.

Oliøyra er nokre blokor øvst på hjarta. Dei vart alltid skorne av og kasta.

Villheilen er det same som det dei no kallar vesleheilen. Det var der dei ville (sinnsjuke) fekk sjukdom, meine dei gamle. Denne vart difor stødt kasta åt skulebytta (tjukk l).

Milta vart her i bygdi kalla salmannstykket. Ho er fest te gørsekken, som er største luten av vombi.

Nekja er det tunne skinnet som sveiper seg over heile magen.

Gørsekken og luva pynta dei upp og klipte sundt og sydde i hop te pølseskinn. Dette auste dei blodrøre i og kokte blodpølse.

Morkurv vart laga av innmaten (lungor, lever, hjarta og nyro) og litt vanleg kjøt.

Rekkjingstarmane (småtarmane) vart ogso kalla matlaustarmane. Dei ligg inngrodde i noko feitt som kallast kragen. Soleis er det i alle krøter.

Brese er eit skinn som ligg over vombi (gørsekken, luva, skjetlaken og fela) og småtarmane og held dei i hop etter at nekja er tå teki. Brese blir vanleg kasta.

Beintarmane er det same som tjukktarmen.

Ferepyttingen er den store, vide tarmen som ligg millom beintarmane og rekkjingstarmane.

Veilen er det same som matrøyret.

Galder er ei god råd for mangt. Ein kann tappe det på ei tinte (flaske). Men ein kann og ta heile galdeblæra og hengje ho upp te ho turkar.

Når ein skal bruke galdret, karvar ein den innturka upp. So kokar ein dette karvet i søt mjølk. Dette avkoket rende dei i krøteri for trommesjuke og galdersjukdom. Krøteri blir so digre når dei har desse sjukdomane. Eg har havt krøter som eg har gjeve galder for di dei var digre. Men dei har ogso fått det for laust liv. I båe tefelle mente det.

Galder var ogso godt for frostsår på folk.

Skold var det dei skrapa tå tarmane når dei vart reinsa. Dei skolda tarmar, sa dei.

Kvithår kalla me den store kvite seni etter ryggen i dyri. Me brukte ofte å tyggje på ho liksom på kvåe.

Brødbitaradn er det same som augnetennene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *