Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
MAGRE VILKÅR – FRÅ GRENSEBYGDER OG FINNSKOGER
Haakon Garaasen
OLAF NORLI
OSLO 1924
Andre samlinga.

Slåst med vinteren og villdyra…

 

Her vart det å slå seg fram best dei dugde. Verst laut det vera i alle dessa snøhøge, sprengje-kadle, utlange vintrane. Veglause vidder fanst her nøgda ut-av. Men det var ikkje berre snøen og kulden dei laut takast med. Villdyra vart nær-gangande dei au, i utlengste vinteren. Skrubben sprengde seg radt inn i småkrøterfjøse og hogg skrubbkjeften sin i remjande strupe. Og ein og annan hunden raska han med seg og. Fekk skrubben samle seg retteleg i skokk, turvte ingen be ‘n gjera så vel og ta åt seg og «forsyne» seg, det vete hadde han nok lel. Vart svolten for hard, gjekk han på med nakne tenner. Det laut blanke ståle til innan han blygdest, og itt vart det just så langt han skvatt, da hell! —

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.