Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Slettnings-trollet

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


«Uppi desse fæle fjelli var det vel mange fæle bergatroll og gygrer i gamal tid,» kastar eg inn.

Du då! Jau, eg har høyrt gjete Slettnings-trollet. Du veit her i Grøv og på Gridhamar eig Slettningen (eit fiskevatn nord for Kyrkjestølen på Fillefjell). Ein gong dei i gamle dagar var komne uppi der og skulde fiske, var båten deira teken. Då dei hadde glana ikring seg både lenge og vel, vart dei vare båten på hi sida av fjorden. Men frå båten gjekk det eit stort troll uppover mot fjellet. Det var nok Slettnings-trollet, som hadde vore ute med grillone sine.

Å ja, det var mangt rart der uppi Slettninge. Den tid me hadde den gamle fiskebui, var det ikkje fred å få der nokor natt. Og slo dei ut noko eller kasta ut noko um kvelden, kom det sendande innatt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *