Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Slikt kan skje…

Formannskapet i Høyanger skulle på synfaring på sørsida av fjorden og i det høve var det tinga ein motorbåt som skulle gå frå Høyanger kl. 7 om morgonen.

Då tida var der, mangla ein av medlemene. Han var kjend for å vere ein som gjekk inn for oppgåvene, var alltid godt førebudd og hadde god greie på sakene. Dette visste han sjølv også og det skein av og til igjennom at han ville vere god kar.

Då han kom etter nokre minuttar, gjekk han til ordføraren og sa seg lei for at han hadde forsove seg og difor kom for seint. Til dette svara ordføraren at slikt kan hende den beste. Då svara medlemen:

– Det var nett det det gjorde det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *