Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Slo første mjølkmålet mellom to steinar

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

I Haltdalen var det vanleg at kona sjøl var på sætra om sommaren. Slik var det også på Bersvendsgarden. Det var omkring 1850-åra, og i den tida var det best å stella ved med dei som var ”ut aveggin”. Kona slo alltid det første mjølkmålet ut mellom to steinar attmed buveggen. Det var gammel avtale mellom gardsfolket og tussane at første målet skulle slåast mellom dei to steinane. Fekk dei ikkje denne mjølka, ville det gå dårleg både med dyr og budrått.

Kvar einaste vår passa kona på å spørja om å få vera sommaren over når ho kom innfor vollutgarden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *