Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Slo mannen på fingrene

Ein kveld skulle mannen på ein gard i Glåmos bort i fjøsskjelet etter ei gryte som sto der med mjølk i. Dei skulle verma opp mjølka til kalvane.

Da han tok etter gryta fekk han seg ein smikk over fingrane så det sveid. Han tok etter gryta enda ein gong og da small det enda hardare. Mannen måtte gå inn att utan gryta og fortalde om daskane han hadde fått.

–    ”Døm lyt berre få ha ho,” sa han.

Og morgonen etter sto gryta der tom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *