Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Småeventyr frå Dyrøy

Det var ein dag ei lita småjenta gjekk i marka og gjette. Då kom trollet imot ho. Jenta blei redd. Ho sutra og gråt. Men ho visste at dersom ho kunne målbinde trollet så hadde det ikkje makt over ho.

Trollet sa.

«Gje du hadde vore på det høgaste fjell.» «Snarar har æg kome til Gud.» «Å, gje du hadde vore i den djupaste dal,» sa trollet.

«Snarar har æg korne heim,» sa jenta.

Då blei trollet sint og ropte:

«Du måtta vore på ei gloheite hella!» «Og tunga di imella,» svarte jenta.

Då var trollet målbunde. Sola rann, og trollet blei til ein stor stein som enno står der og heiter Trollsteinen den dag i dag.

Ein gong var småjenta inne i skogen, igjen. Då møtte ho trollet. Jenta gjekk og plukka einebær.

«Æg går her og plukker eineberr små — med Jesu kors oppå,» sa ho.

Ho visste trollet einebæra — og trollet skreik fælt og rømte inn i fjellet igjen. Det hadde ikkje makt over ho.

Det var den gongen Jesus vandra på jorda. Han gjekk og gjekk, og fann ingen stad å kvile. Så la han seg under ei osp. Men det var ei lita vindgræla, og ospa kunne ikkje stå i still. Jesus reiste seg opp og trua ospa og sa:

«Fordi du ikkje gav meg ro til å kvile skal du aldri sjølv få ro. Du skal svage i stilla, og svage og bivre i storm, og alltid ha ufred. Og seint skal du skyte blad om våren — og om hausten skal du stå gul og gusten.»

Derfor står ospa aldri ro den dag i dag.

Så gjekk han vidare. Han kom til eit einekjerr. Der la han seg. Einekjerret skygde og gav livd. Då signa han einetreet og gav det korsmerket sitt, og sa:

«Du skal stå grøn både sommar og vinter, og vekse kor du vil — anten i djup eller karrig jord.»

Derfor er einebuska grøn, og kan vekse over alt — frå inste dal til ytste øy, og enno ber ho korsmerket på einebæra sine.

Derfor skulle det og vere einebusk i fj øset julaftan. Det hadde korsmerket og evig grønt med seg. Det var livsens løkka og guds signing over buskapen, det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *