Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Småkallane drakk kaffe

Ein mann i Glåmos skulle gå etter ei ku som sto til kalving. Han hadde gått etter kua to netter, og tok til å bli lei av denne nattrenninga. Det var tredje natta og månen skein.

Inne i fjøset sto det eit lite bord og månen lyste rett på bordet. I ljoskrinsen fekk mannen sjå to småkallar som sat attmed bordet og drakk kaffe. Dei hadde ein liten kopparkjel mellom seg, og det var ein som var blankpussa. Det lyste og skein i han så det var ein fest å sjå. Og kallane drakk og godgjorde seg.

Med mannen sto og såg på dei gjekk dei opp i røyk og vart borte. Kaffekjelen tok dei med seg. Det var ikkje merke å sjå etter dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *