Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Småkallar attmed Finnebekken

Finnebekken renn attmed Finnehagan på Røros. På Tavelbakken var det to horn, — ein gut og ei jente som såg småkallen ein vår bekken gjekk stri i vårfloa. Dei lura seg til å leika attmed bekken utan at dei hadde lov heime.

Ein dag dreiv dei og kasta små pinnar og anna rusk ut i bekken. Da sto han der. Ein liten blåkledd kall med raud topphuve og langt kvitt skjegg. Han var så blid i maska, nikka og smilte.

Borna vart redde og sprang heim og skreik.

– "Dokk ha hørt det — dokk har inte lov te å leike attmed bekka," sa mora.

Og så fortalde ho at ho sjøl også hadde sett denne småkallen. Det var da ho var småjenta at ho og noen andre born plukka blåbær oppmed ei grøbbe ikkje så langt ovafor der borna såg småkallen. Dei plukka blåbær på kanten av grøbba, og der sto småkallen nedafor dei. Han var også smilande og blid og skjegget.

Borna sprang heim og skreik. Bærkoppane låg att der dei hadde plukka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *