Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Småkallen jaga ei ku

På marka ved Rognes er det ein rygg som er snau for skog. Det blir kalla «vedløse» der.

Ein gong i gammal tid var ein mann frå Røttum innetter marka tidleg på våren. Da hørte han nokon som masa og bruka kjeft omlag som når ein jagar kyr eller saner, men han skjøna ingen ting av orda.

Da han kom frampå ryggen der det var fritt for skog fekk han sjå ein liten blå kall som masa og jaga på ei ku. Men kua ville ikkje vera med slik kallen ville. Og så vart det piskeslag og kjeftbruk. Det var ei lita grå ku med honn. Slike kyr fanst det ikkje omkring på gardane.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *