Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

SMALA-AUKSJONEN

Framfor den gamle Tingstova på Vossevangen var der liv og røre på dei store
smaleauksjonsdagane. Dei som hadde noko å selja, hadde sin beste
marknadsplass der. Handelen gjekk med liv og lyst. Både kjøpar og
seljar såg ut til å vera vel nøgde med handelen.

Frå gamalt av vart desse smale-auksjonane haldne den fyrste måndagen i
november. Då rekna dei med at alle hadde sanka smalen heim frå fjellet.
Og smale som ein ikkje kunne finna eigarmann til, vart selde på
auksjonen. ( Herav namnet på auksjonen, som har halde seg ved lag hedt
fram til våre dagar).

Men elles vart det selt hittegods av alle slag, og folk nytta bøvet til
å få selt slike ting som dei ville verta av med. På smaleauksjonsdagen
tok dei seg fri og for av stad til Vangen, der dei ville råka
kjensfolk. I Vangsgata vart det etterkvart folksamt denne dagen, og
rundt den gamle Tingstova der auksjonen heldt til, var det tettpakka
med folk.

Dei som hadde litt lengre veg, kom køyrande med hest. Hestestallane ved
kyrkja vart snart opptekne, og ved bindingsrekkjone langsmed
Haldeplassen var det fullsett med hestar og køyredoningar. Sjølv om
veret var det beste, kunne Vangsgata verta blaut og fæl når så mange
hestar let visittkortet att etter seg. I regnver kunne skiten «gå midt
på leggen», som det heiter i ei vise:

Om skiten gaor midt pao legg,
so hanga tausena i Vangsgatena
smala-auksjonsdagjen nett so ein klegg.

Jentene gjekk med side vadmålsdøsse, og dossekanten rakk ned i skiten,
så dei sopte den med seg. I dossi hadde dei ei lomme, og i den var det
mange som padde ei lita lerke med brennevin på. Det var skikken før i
tida at jentene spanderte skjenk på gutane sine. Dei gamle
hestestallane var då samlingsstaden, og der kunne det ofte gå lystig
for seg.

David Vangen hadde heimen sin ved sida av Tingstova. Han var ungkar og
hjelpte bror sin, han Johannes, på kramboa. Når det var auksjonar ved
Tingstova, var alltid han David der, og han var ofte frampå med bod.
Han var ein meister til å laga gode replikkar og
koma med tilrop til dei som baud.

Når han David var ute i Vangsgata, hadde han på seg ein rund knallhatt
og spaserstokk i handa. Han brokte mange framande uttrykk som han
blanda med sitt eige bygdemål.

Så var det ein smaleauksjonsdag like før hundradårsskiftet. Lensmannen
kom med eit ørlite lamb som han bad om bod på. Lambet var ikkje stort
større enn ein stor katt. Han David var straks frampå:

– Ja, det var et prektig lamb, lensmann, det må jeg by på, 2 kr. lensmann.

Straks etter kjem eit nytt bod frå folkepopen:

– 3 kr.

David, som stod heilt framme, snudde seg og stirde bakover i folkedotten:

– Hvem — han tør by sammens med mig, 4 kr., lensmann.

Han hadde ikkje før sagt det, så slo lensmannen.

– Send det bort i hagen, lensmann, ropte David.

I same farten kjem det endå eit ørlite lamb til fram som skulle seljast, det var pålag av same storleik som det første.

David var atter frampå med bod.

– 2 kr., lensmann.

No òg var det ein i folkedotten som ropte:

– 3 kr.

David snur seg morsk og ser bakover i dotten, og seier endå høgare enn fyrste gongen:

– Hvem — han tør by sammens med mig, 4 kr., lensmann.

Lensmannen slo i det same, og tilslaget var hans.

– Send det bort i hagen, lensmann, han jamrer seg for kjøtt, Johannes, men nu skal det vel bli kjøtt, tenker jeg, sa han David.

Auksjonarius hadde si hille hyre med å halde auksjonsfolka i godlag.
Han laut vera ordrapp og humørfylt. Dette var dygder som han Nils O.
Bjørke hadde i fullt mon. Han var fast auksjonarius i ein heil
mannsalder.

Ein gong var det ei potte som vart ropt opp. Straks melde det seg
fleire kjøparar i den store forsamlinga. Han Ola Nigarden kom og med
bod, han baud 2 kroner. Straks etter kom det eit nyn bod frå ein annan
kant. Det var ho Guri, kona hans Ola, som og baud 2 kroner. Ho var
ikkje vis med han Ola sitt bod.

Auksjonarius såg straks kven som baud, han heldt potta i veret og ropte ut:

– Løys av bodet, for båe to kan ikkje sitja på potta samstundes!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *