Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Småplukk oppi tøybaneggen

I 1880-90 åra levde ei gammal samekone på Røros. Ho var av gammal, rik sameslekt som hadde hatt mykje rein. Men det hadde gått ute med slekta. Brennevinet hadde herja slik at dei år for år vart u’tarma til dei ikkje åtte nokon ting.

Ho var lita og tørr som eit skrapa skind. Veden ho trong tok ho der ho fann han, og ho fekk mangt eit matmål hjå dokter Møller – eller gammaldokteren som han vart kalla. Når det vart for gale kom ho på kjøkkenet til dokteren og hadde eit lite spann med seg. Ho gjekk aldri matlaus derifrå.

Men veden tok ho for det meste frå verket inne på hytteområdet. Ein dag kom ho slepande med ei dugleg bør og møtte «hyttmesteren» – han Dam.

–    ”Kven ha gje deg lov til å ta veden her?”

Kona peika opp i lufta og sa:

–    ”Han oppi tær.”

Hyttmesteren herre lo og let ho gå.

Karane som arbeidde på verket hadde moro av å sjå kor sterk den småvaksne gamle kona var, og gav henne store vedstokkar. Og ho var ikkje snauare enn ho bar dei heim på aksla.

Om haustkveldane etter at det var mørkt var det sikker takst at ho gjekk oppi småhagan – det var serleg taugbane-hagan ho gjekk i. Ho kalla det «tøybanhagan».

Kva ho gjorde der, jau ho sa at ho «mått oppi tøybanegga å snakk med småpukkan».

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *