Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971


Sme-Jakobfloa i Beitstad



Sme-Jakobflo vart han kalla ein sjelden stor flom i Mollelva for ca. 100 år sidan. Dette bar soleis til:

Jønnum vestre var eigar på sør sida av Mollelva opp til merke til vestre Lie. Elvenessa som vart kalla Nesja, vart bruka som slåtteng. Før 1800 var det ei høybu på ein haug aust for Skjelhøla, haugen vert kalla Buahaugen. Jønnum vestre hadde også kvern i ein avsats midt oppe i sørhalla, ved ein bekk som vart kalla Kvennabekken. Det var dam for lagring av vatn for kverna ved utløpet av Rostadaunvatnet. Vegen til kverna og Neisjan gjekk i merke millom vestre og austre Jønnum ned til Sagmarkhøle, der det var bru over elva. Ei ekker som går ned dit vert kalla Bruekra. Vidare gjekk vegen over Sørnessbakkan, bortimot Svartberget, her delte han seg. Den eine gjekk ned til høybua på Buahaugen og den andre forbi Svartberget opp til kverna oppi åsen. No er brua borte for lenge sidan, og vegen til Neisjan har vore på ymse rom lenger aust.

Så var det dette hende. Det var i slåtten, høyet var raka og sett opp i såter, som det var bruk og gjera før det vart køyrd til bua på Buahaugen. Da sette det inn med uvanleg mye regn og Mollelva fløymde opp langt over sine bredder, og tok med seg høysåter som kom etter elva. Dette såg Sme-Jakop og gjekk ned på brua. Da det kom ei såte hogg han riva i såta, men suget vart for hardt, det drog med seg Jakop ut i elva og han vart ikkje funnen att før elva hadde falle ned. Då vart han funnen i ein ratdunge ut i Opdalselva. Sidan har denne floa vorte kalla Sme-Jakopfloa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *