Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

SMEDEN SOM FEKK DOTTERA TIL HAUGEMANNEN

Eingong i gamle dagar sprang tri karar ikring haugane på Øvre Homme i Bjelland; dei ville til haugemannen og dotter hans. Og så ropte den eine:

– Mann, mann, gjev meg dotter di!

Dei andre berre lo og gjorde narr av han for dette. Men då han hadde sprunge ikring haugen og ropt mange gonger, blei han tatt inn i haugen. Der sat haugemannen med ei ovfager dotter. Guten blei heilt undren og ville ut att. Men mannen meinte noko anna.

– Jenta skal du ha, sa han. Fager og fin er ho.
– Men kva skal me leva av, spurde guten.
– Å, spør 'kje om det, svara haugemannen. Mat skal de nok få.

Guten lova å gifta seg med jenta. Og på bryllaupsdagen kom det ein heil flokk kyr og sauer inn i haugen. Hest og køyregreier fekk dei og. Guten visste mest ikkje kva fot han skulle stå på, så glad blei han. For nå fekk han det betre enn kongen. Haugemannen sa til brudgommen at han fekk fara fint med kona. Ho tolde korkje skjenn eller skjell. Guten lova det.

Så gjekk det ei tid. Dei hadde det godt og vanta ingen ting. Men så blei han arg og lei med henne, og

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *