Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Snarefangst

Livet på garden

 

Rypefangst var for mange heiebønder ein god biinntekt. Før første verdenskrig var her mykje ryper om vinteren. Ein kunne sjå flokkar på mange hundre. Etter store snøfall kom dei ned frå høgheiane i store mengder. Etter 1918 minka det på rypeflokkane, og etter siste verdenskrig kunne ein gå over heia til Hægebostad utan å sjå ei rype.

Dei som sette snarer, kjøpte som oftast ei heil hesterumpe for 4 kroner. Så sat dei og snudde taglesnarer av dei lengste håra. Dei håra som var for korte til snarer, snudde dei fisketaumar av. Dei gamle sa at tagletaumar fiska best. Dei som ikkje ville ha bry til å snu taglesnarer, brukte snarer av messingtråd. Dei var ikkje så godt likte for dei skar seg ofte inn i kjøtet så blodet rann over dei kvite fjørene. Då fekk dei ikkje full pris hos kjøpmannen.

Dei hadde ikkje børse med på snarefangst. Børseskota skræmte rypene bort frå snarene.

Var det stadig ver, kunne dei ha 2-300 snarer ute. Dei måtte sjå til snarene kvar dag. Rev og ramn ville og ha sin part av fangsta. Var veret ustadig, var det vanskelig å halda snarene oppe. Dei kunne snøa ned på nokre minuttar. Ofte kunne snarene snøa ned fleire gonger om dagen. Det tok like lang tid å retta opp ei nedsnøa snare som å setta ny. Dei nedsnøa snarene måtte gravast fram or snøen, der kunne ligga nedsnøa fuglar i snarene. Snarene fanga best når det var rennefok.

Det blei ofte ein lang arbeidsdag, men det var eit arbeid som gav arbeidslyst. Dei kunne få stor fangst ein dag og kanskje ingen neste dag.

Ein mann frå Fjell hadde kjøpt eit bruk på Steinsland til støle. Då fekk han rett til å sette snarer i Steinslandsmarka. Ein dag fekk han 70 ryper. Det kunne han ikkje bera i ei byr.

Ellers fekk dei ofte 40-50 ryper om dagen. Spurde ein dei om kor mange ryper dei fekk, så svara dei alltid: «Æg fær inkje fjøra». Dersom dei tala sant, så miste dei fuglelykka. Det var vanlig folketru.

Folk frå Kalstøl hadde ord for å vera dei flinkaste rypefangarar i bygda. Dei for hardt med skogen. For kvar snare dei sette ut, brukte dei 2 bjørketoppar som vende inn mot snara. Til agn brukte dei ein handfull bjørkekvister på begge sider av snara. Det lokka rypene til snarene. Det var og 3 flinke rypefangarar som budde i dalen. Dei måtte gå heimanfrå i 6-7 tida om morgenen og kom ikkje att før lenge etter det var mørkt om kvelden. Ein av dei gjekk gjennom isen og blei heilt gjennomvåt. Han vrei det meste av vatnet or kleda og gjekk til snarene etterpå. Han blei seinare heilt krøpling.

Revane tok dei med gift som dei fekk på apoteket. Dei leita og opp oppkomkjelder som ikkje fraus om vinteren, og der la dei ut revesakser. På den måten heldt dei revetalet nede. Då eg var 5— 6 år, sette bestefar ut 2 snarer som eg skulle ha tilsyn med. Eg var tidlig ute neste dag for å sjå til snarene. Då eg kom til første snara, låg der ei levande rype og flaksa noko forferdelig. Eg hadde ikkje mot til å kasta meg over rypa, men stod og venta at ho skulle legga seg ned stille og rolig. Men så sleit ho av snara og flaug sin veg. Der låg bare att nokre fjører.

Då eg kom til andre snara, låg der og ei levande rype. Den kasta eg meg over. Eg hadde ikkje lært å drepa ryper så eg bar heim både rypa og staven ho hekk i og så sleppte eg rypa på golvet heime. Ho blei hengande fast mellom to stolar. Då lærte bestefar meg å drepa ryper. Seinare lærte eg å sette ut snarer sjølv.

Ein vinter sette eg snarer saman med sonen i nabohuset. Han hadde betre fuglelykke enn eg. Ein dag fekk me 15 fugl, ryper og orfugl.

I lang tid har snarefangst bare vore eit folkeminne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *