Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trtkk, 4480
1992
Klikk her for å lese ”Føreordet”


Snartemo-sverdet

Snartemogrenda

Snartemosverdet
Foto frå då dei fann Snartemosverdet i 1933. Det er trulig tatt då dei dekka til opninga inn til grava. Jordribben til venstre er ennå synlig attved gjerdet. Frå venstre står Rikard Kjellingland, Torleiv Høyland, Ivar Skothei og Olav Kjellingland.
Fotograf ukjent.

Se bilder og les mer om Snartemo-sverdet her. Hentet fra www.wikipedia.no.

Før Sørlandsbanen kom var Snartemo ei stor, open, solrik slette. I 1930 åra var her åtte veldrivne gardar med fem til åtte kyr og hest på kvart bruk. Her var eit lite sentrum med butikk, postkontor og nokre bustadhus med litt jord til.

I nord grensar Snartemo til Hægebostad — prestegarden, som har gitt namnet sitt først til gamle Hægebostad kommune, og seinare til den nåverande felleskommunen, Hægebostad og Eiken. Mot vest utgjer elva, Lygna, grense mot Høyland og Skjeggestad. Litt lenger sør i dalen ligg Jåddan, og i aust ruvar heia inn mot Mydland.

Sør for Snartemo er dalen trong mange stader. Det kjem av alle fjellknattane. Åsar, som det heiter i dagligtalen. Dei skaper rik variasjon i naturen, men dei tar opp plassen i dalbotnen der dyrkingsjorda skulle vore.

Dalen er brei på sjølve Snartemo. Her er det omlag ein km mellom Austheia og Vestheia. Frå gammalt er her ei to-deling: øvregarden og Nedregarden. Eigaren av bruksnr. ein i Nedregarden var Talina Snartemo. Ho var bestemor til Olav og Rikard Kjellingland, som var hos henne og hjelpte henne med gardsdrifta. Dette var sist i oktober 1933.

Eit hol i jorda

Brørne Olav og Rikard dreiv med nydyrking rett sør for steingjerdet som utgjorde grensa mot øvregarden. Dette gjerdet stod på ein jordribbe litt høgare enn sletta elles. Det kom seg av at der hadde vore ein flataktig jordhaug, som før i tida hadde blitt køyrd heim til blandingsmateriale i lausgjødsla.

Olav og Rikard hadde med seg ein hjelpesmann ved pløyinga: Torleiv Høyland. Han hadde også med seg sin hest. Så fekk dei to hestar for plogen. Sletta her er gammal elvebotn, nokså fri for store stein. Rett som pløyinga gjekk på det beste, stogga plogen brått mot stein, og det verka som det var ein vaksen ein. Det kom på tale om dei måtte skyte han. Det hadde laga seg ei opning ved eine sida av steinhella, — for ei steinhelle var det, 320 cm lang, 215 cm brei og ca 20 cm tjukk.

Nå skjøna dei at det måtte vere ei gammal grav. Dei grov opninga litt større og fekk innsyn i gravkammeret. Fleire ting låg synlige. Desse tok dei opp. Det var bl.a. ein bronsekjel, eit glasbeger med sølvbeslag, ei bronsevekt og delar av eit ekstra fint sverdhandtak: Nå var det 1400 år sidan menneskehender sist hadde rørt ved Snartemo-sverdet. Brørne Kjellingland tok godt vare på gravgodset, og i samråd med sokneprest Fidjestøl blei oldsaksamlinga orientert, og all graving stoppa til dei var på plassen. For å hindre meir graving, blei også opninga til grava tetta med stein og tildekka med mold i mellomtida. Preparant Louis Smestad stod for utgravinga. Det var litt av ei folkevandring til utgravingsstaden desse haustdagane i 1933. Gravgodset var plassert i vestre stove hos Daniel og Randi Snartemo, og dei vakta skatten med ansvar og alvår, nær sagt både dag og natt.

Skatten

For ein skatt var det, og vi skal sjå nærare på det som blei funne:

1)    Sverdet. Trulig det finaste og mest forseggjorde av alle funn i Noreg. Gull- og sølv-belagt feste og med sølvdoppsko på slira.
2)    Reimspenne av forgylt sølv.
3)    Konisk knapp av forgylt sølv.
4)    Reimbeslag av forgylt sølv.
5)    To spydspissar.
6)    Restar av 10 pilar.
7)    Skjoldbule og handtakbeslag av jern.
8)    Øks.
9)    Kniv med slire.
10)    Liten kniv.
11)    Saks med treslir.
12)    Syl med treslir og treskaft.
13)    Beltestein av kvartsitt.
14)    Stykke av kvartsbryne.
15)    Delar av skålvekt, bronse.
16)    Tre vektlodd, bly.
17)    Betalingsring. Tre og ein halv omgang, gull.
18)    Flatt beslag, ein cm langt, sølv.
19)    Glasbeger, tykt, gulgrønt. Det var ein gong slått sund i tre delar, og så reparert med sølvbeslag og gjennombora naglar. Sølvet er dekorert med menneskekroppar og stiliserte dyrefigurar.
20) Bronsekjel.
21) Delar av bronsefat.
22) Spannforma leirkar, mykje dekorert.

I tillegg til dette var der svært mykje tekstilar, både gangklede, sengklede og pynteting. Det var ikkje verre medfare enn at mykje både av møn¬ster, farge og stoff kunne registrerast.

Alle dei ovanfor nemnde tinga er oppbevart i Historisk museum i Oslo.

Korleis har gravlegginga gått føre seg?

Sjølve grava var skoren ned i den harde auren i aust/vestlig retning. Der var ikkje steinsetting i kantane. På botnen var det lagt eit ca 10 cm tjukt kol-lag. Over kol-laget eit dobbelt lag av bjørkenever. Oppå dette var bjørnefellen breidd ut, og liket plassert på denne. Så ser det helst ut som sverdet er lagt oppå liket, og gravgodset er fordelt rundt kantane. Den døde har fått fine, gode, varme klede både på seg og over seg før steinen er lagt som lokk over grava. Ein kan bare tenke seg for eit strev det har vore å få lagt denne steinhella på ca 1,4 kubikkmeter skånsomt på plass. Trælane har nok felt mange sveittedropar både med dette, og seinare med moldhaugen, som skulle løyne grava.

Andre gravfunn på Snartemo

Dersom det bare hadde vore gjort dette eine funnet på Snartemo, hadde det ikkje vore så opsiktsvekkjande. Men dette var funn nr. fem frå same grenda. Med all den private skattegravinga som har gått føre seg, må ein rekne med at uendelig mykje verdifull kunnskap om fortida har gått tapt opp gjennom åra.

Funn I – år 1847

Av ting frå dette funnet var det særlig ein beinkam med rav-innlegg og i bronse-etui som var spesiell. I Bjørn Haugens avhandling «Snartemo-funnene,» der mange av desse oplysningane er henta frå, står m.a. «Det er vel verd å merke at kammen ikke bare ved sin sjeldenhet, unik som den er i norsk materiale, men fult så meget ved sin soignerte utførelse, straks gir optakten til det fornemme nivå som senere preger jernalderfunnene fra Snartemo».

Funn II – år 1878

Gravgodset frå dette funnet er i Stavanger museum, og liknar mykje på funnet i 1933.

Her var også 20-30 enkeltting. Sverd med dekorert sølvbeslag og knapp, glasbeger av gulgrønt glas, tre betalingsringar av gull, bronsekjel og mykje anna, både våpen, bruksting, pynteting og tekstilar.

Funn III – år 1879

Dette var ei branngrav. Frå denne kom det inn til Bergens museum delar av eit dekorert leirkar, ei enkel reimspenne av jern, nokre smårestar av bronse og ein del brende bein.

 

Funn IV år 1916

Ein steinhaug skulle jamnast ut. Det var fleire hundre meter frå funnsta den i 1933. Inne i haugen var det bygt eit gravkammer av rullestein med ein flat stein over. Her var ein del brende bein, ein bronsekjel, eit bryne og elles ingen ting mer.

I denne vesle oversikten vil vi trulig ha funne ut at det er grav nr. I — II — og V som er interessante. I staden for sjølv å vurdere funna, vil vi gå til bokverket: VÅRT FOLKS HISTORIE. Vi finn det vi leitar etter i bindet som omhandlar «Forhistorisk tid og vikingetid». Forfattarane her er Anders Hagen og Charles Joys.

Sitat: «Funnene fra Snartemo i Hægebostad gir det beste bildet av rikfolks gravkult i folkevandringstiden». «Funnene fra Snartemo fører således ut over det lokale landnåmets ramme. De forteller om det økonomiske oppsving de ledende gårder og slekter fikk i et friskt nybyggermiljø.» «Denne graven (nr. V) gir et sjeldent nærbilde av en høvdings begravelse og hans utstyr i begynnelsen av 500 tallet e. Kr.». «Det er først gjennom den store ødselhet i gravgods at Snartemofunnet skiller seg ut. Her er nemlig en hel rekke kunstprodukter av fineste klasse som forteller både om rikmannens miljø og om kunstnernes evner. Den dødes prakfulle sverd er både en gullsmeds mesterverk og et effektivt verge.» «Dette gull-skinnende våpen har trolig vært båret i en kraftig skulderrem. Remmens store og gyldne sølvspenne gir også innblikk i hva rikfolk på Agderkanten klarte å skaffe seg, og den viser på ny hva tidens mestere greidde å skape av metallkunst.»

(Om glasbegeret) «Alt i eldre tid var det blitt knust, men omhyggelig reparert her hjemme med forgylte sølvbeslag festet til glasset med fine nagler. Disse beslag er laget på samme måte, og mønsteret formet på lig¬nende vis som vi kjenner fra sverdhåndtakets gullblikk. Det er trolig den samme mester som har vært i virksomhet, kanskje har han hatt sitt verksted på høvdingens gård.» »Den dyprøde kappe og de fint vevde klær viser hvorledes storkarer har kledd seg til fest. De gode våpen viser at makten ikke bare lå i rikdommen.» Sitat slutt.

Etter å ha fortalt om ei praktspenne funnen på Skrautval i Valdres, held forfattaren fram: «Mennene fra Snartemo og Skrautval gir således det sam¬me inntrykk av velkledde høvdinger som vi får i et Edda-dikt:

Inn kom dei, Kongar, jamlike
Med brune lokkar, langskjegga kultar,
Sverd i slidre, og stutte brynjur,
ruvne med hjelm og raude kappor.»

Lat dette vere ein smakebit på korleis Snartemofunna blir vurdert i lands-samanheng.

Plassering av Snartemo på kartet

I vår tid går det aller meste av ferdsla både i Lyngdalen og nabodalane i retning nord — syd. Slik har det ikkje vore alltid. Kring år 1835 blei vegen Agnefest — Bryggeså ferdig, slik at dei kunne bruke kjerre på heile strekningen. Året etter ga dette seg utslag ved at øvre Kvinesdal prestegjeld gjekk over til å heite Hægebostad prestegjeld. Fjotland, som før hadde høyrt til dette kallet, blei nå lagt til Kvinesdal. Heile samferdsmønsteret blei endra. Før hadde den aller meste ferdsla gått aust-vest. Omtrent der Kvinesheitunnelen nå går under heia, gjekk ferdslevegen over heia i eldre tider. Frå Snartemo til Moi i Kvinesdal var bare litt over ei mil, og mykje slettare og lettare veg å gå enn å streve opp og ned Jåddansåsen, Danefallet, Fleskkleiva, Kvellandsstigen og alle dei andre mest tallause småbakkane for å kome ut til Agnefest. Det var ikkje det minste rart at Øvre Lyngdalen i eldre tid gjekk for å vere øvre Kvinesdal.

Når vi har klårt for oss dette naturlige fellesskapet med Kvinesdal, er det meir forståelig med høvdingslektene på Snartemo. Snartemo låg slett ikkje avsides, men var ein viktig del av eit av dei mest sprellevande bygdelag i sagatida. Bare tenk på skalden Tjodolv frå Kvin, som stod så høgt hos kong Harald at han fostra opp kongssonen Gudrød Ljome, eller tenk på Kvinverjadalen på Island som var folkesett av folk frå Kvinesdal. (Etter Ånen Årli).

Stadnamn kan endrast

Det gamle namnet på Hægebostad var Skotherad. Så har det blitt til at namnet på plassen der heilagdomen stod, Helgabolstadir, har fortrengt det gamle namnet. Snartemonamnet er trulig ikkje så gammalt. Det må vere kome til etter ein brann. (Ein brent mo med mange snartar. Jfr. Kole-mo).

Kan det gamle namnet her ha vore Skot? (Jfr. lastesko = bratt fjell der-tømmer blir skote utfor). Vi har ennå Skot-namnet i heigarden Skothei, som ligg på fjellkanten like vest for Snartemo/Hægebostad området.

Dersom denne teorien har noke for seg, så har vi i folkevandringstida hatt to høvdingsete: Skot og Vatn (seinare Tingvatn).

Aust — vest veg nr. I

I folkevandringstida som nå var det nok slik at der var strategiske vegknutepunkt, der det var om å gjere å eige makt. Både på Snartemo og Tingvatn var der slike kryssingsvegar. Vi har alt vore innom den viktige vegen Snartemo — Kvinesdal. Frå Moi i Kvinesdal var det bare ei dryg mil ned til sjøen. Elles heldt også vegen fram over land, vestover.

Men austover frå Snartemo — Gjekk der veg? Vi skal sjå kva Tore Bergstøl skriv i Konsmoboka: «Frå Hægebostad sokn gjekk der ein veg, den såkalla Mannevegen, nord om Åbestad — til Koveland og ned til Nebstad og Konsmo.Det er opplagde steinar som syner vegen ennå. Frå Konsmo gjekk då vegen austover til Kristiansand omtrent der vegen går nå.» Sitat slutt.

Den oppsteina vegen Bergstøl viser til, gjekk sikkert om Røyseland — Øvre-Gysland, og var nok absolutt den kortaste. Men der var også vegsamband Skofteland—Titland—Ydestad—Gysland. Eit godt prov på at ferdsla gjekk her, er at Ydestad høyrde til Hægebostad endå på 1600 talet.

Den vegen som var mest trafikkert austover frå Snartemo, i alle fall i dei seinare hundradåra, var nok likevel vegen Snartemo—Mydland—Hellevatn—Helle i Konsmo.
På Snartemo var eit naturlig knutepunkt der Aust/vest vegane kryssa nord/syd vegen gjennom dalen.

Aust — vest veg nr. II

Om Snartemo var eit knutepunkt i sagatida, så var nok Tingvatn/Bjærum området det same — og hadde sikkert vore det lenge før år 500. Det vitnar Skjelvarspranget og dei andre gamle steinsetningane om. Også her kryssar vegane. I Kvinesdal har også denne vegen utgangspunktet frå Moi. Tingvatnevegen går i nord—austlig retning gjennom Liedraget, om Eikeland, Kolemo, Tingvatn — Bjærum — Ås — øvre øydna.

Om vi slår ein sirkel med sentrum i øvre øydna, vil vi finne at kortaste sjøvegen også herfrå, går til Kvinesdal. Gamlevegen dit var også nærast strekbein og gjekk gjennom naturlige dalsøkk.

Jorda i Tingvatneområdet held framleis på løyndomane sine, men har likevel nå og då letta litt på sløret: I siste halvdel av 1700 talet blei «Kongegrava» på Bjærum opna. Alt innhaldet er diverre kome vekk, men der var mykje gravgods både av leire, kobber, gull og jern. Bl. a. var der eit sverd, og beisleringar til hest. Grava ligg på Rishaugen og er open den dag i dag. Under ei stor dekkhelle har ho hatt mura kantar og er «11 alen lang og omtrent 1 1/2 alen bred». (Hægeb. Kyrkje 100 år).

Var desse ferdslevegane i bruk i folkevandringstida?

Ja, festningsverka langs vegane tyder på det. På Moi i Kvinesdal har vi Borghammaren (Og litt lenger nord, Borggarden på Jerstad). Tar vi vegen mot Tingvatn, så må vi framom Heidningemuren ved Årli Sandvatn. Når vi er komne til Bjærum, går vegen austover ved foten av Borgåsen.

Skal vi reise austover den søndre vegen frå Kvinesdal, kan vi og ta utgangspunktet frå Borghammaren på Moi — over Urestadheia til Snartemo. Der har vi Borgåsen på Jåddan. Vegane som går vidare til Åbestad, går like ved. På Åbestad er siste festningsverket: Borgkniben.

Invasjonsvegen?

Desse festningsverka som vi nå har vore innom, er saman med Knodden på

Haddeland i Kvinesdal dei einaste kjende borgene så langt inne i landet her på våre kantar.

Alt tyder på at ei framand folkegruppe har kome sjøvegen til Kvinesdal. Skal ein dømme etter dei tre borgene der i dalen, så har det vore ein hard strid med kvindølane. Den nykomne folkegruppa har vore for talrik til bare å busetje seg her, og har så utvida området mot nabodistrikta i aust etter dei to vegane som før er omtala.

Er denne teorien rett, så må ein trulig ned i Europa ein stad for å finne skyldfolka til Snartemohøvdingane. Kanskje der også kan finnast gullsmedarbeid som syner likskap med sverdet?

Ser vi på den indre tverrvegen, Kvinesdal — Tingvatn, så vil vi finne at alle -stad gardane i Hægebostad ligg sør for denne linja. Omlag her går også sørgrensa for tungespiss r og harde konsonantar. I tillegg til dette kan ein ta med at hovudskalleforma i Eiken er av ein annan grunntype enn lenger sør i dalen.

Jan Henning Larsen seier i «Vest Agders vikingetid i arkeologisk belysning»: «Nå viser nyere undersøkelser andre steder at -stad gårdene synes å gå tilbake til folkevandringstiden.»

Vi kan gjere eit tankeeksperiment og seie at det er folka på -land gardane som har bygd og brukt borgene til forsvar mot inntrengjarar langs dei to førnemnde vegane. Forsvararane ved den indre vegen har greidd å skape ei effektiv forsvarslinje. Men ved Snartemo og Åbestad har dei framande vunne. Derfor har dei busett seg både her og i nabodistrikta mot sør og aust. Her er ein stor konsentrasjon av -stad gardar: Åbestad, Nebstad, Barstad, Brastad, Ydestad, Naglestad, Kvestad, Urestad, Skjeggestad, Hægebostad, Eilevstad. Ein elles annen grunn må det vere til dette. Så, kven veit: Var det ikkje ein av dei gamle diktarane våre som sa noke slikt: «Eg ottast det som me vita fullt, er lite mot det som for oss er dulgt». Litt av dette kan vi av og til få ein gløtt av. Slik som med Snartemosverdet. Både nasjonalt og lokalt er dette ein uvurderlig skatt.

Bygdefolk bør reise eit verdig minne på ein godt synlig plass ved rv. 43 på Snartemo. Det må vere ein høg naturstein med enkel innskrift. Først då kan det seiast at arven er forvalta på fullgod måte, når minnesteinen står der like høgreist som høvdingen ein gong stod.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *