Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

Snarveig, berg og bratte

Sprangveigen gjekk som sagt i krok og sving. Lenge gjekk det sikkert
ikkje før sæterfolket tykte døm laut finne ein snøggare veig, meir rakt
uppover lié. Her va det ikkje tenkt på hjerteinfarkt eller dårleg
kondisjon, skal eg tru. Døm såg berre på kår det va stuttast, og ikkje
um det va stygt og bratt.

Framkomst fann døm au, der ein minst skulle tru. Den fyrste va nok den
som går uppover på søre sia langs Storholongen. På lag midtlies følgjer
stigen ein furu-rande så tverrbratt at ein mest kan tå inni bakkjin.

Når ein er uppkome den, ha naturen viseleg skapt ei iskald og sikker vassåre, der det va lugumt å kvile og sløkkje tyrsten.

Uppover frå der blir det for ålvår kronglåt, men berre eitt stelle er
det direkte farleg. Med det såmå ein når uppi sjølve Holongsgjelet, går
stigen på ei smal hylle. På ytre sida brusar bekken vilt nedi
brådjupet, og på øvre er det hengjande bergehåmår. Her bør du ikkje
vera ørin, og du må trø varleg. Ingen ha ramla utover her i alle di år
folk ha gått upp og ned her.

Ein som heitte Jo Kjellykjun kom likevel berre hit, på siste turen ned
frå sætern ein gong på 1920-takt. Han fekk slag, og dø der. Som vel va,
stupte han inni bakkjin i stan for ned i gjelet. Te minne um denne
hendingje er skore ein kross i ein furulegg. Den står der like skire
enda etter på lag seksti år.

Litt lenger inn i gjelet felt Spitbekken som eit brureslør nedover
berget midt imot. Eit originalt stelle der stigen går i kroker på
berghyllom, er kalla sengjin. Kå det kan røte seg i, veit ingen.

Dermed er det au slutt på den ville bratta. Når ein er uppkome frå
gjelet, fær ein som eit sjokk av storslagen utsikt ned på Holongsøyin.
Den heimkoselege grende millom bakker og hauger, med bjørk og furuskog.
Um ein vart sliten og kei tå å gå upp bratta, fekk ein løn for strevet.
Siste stykjy er lett, der det flatnar innover åt sætrom.

Mang ei budeie ha gått denne stigen, upp og ned, og atter upp og ned.
Kanskje med bån i magen, og eit lite eit ved hånde. Attåt bør på
ryggen, og radt eit spann eller annan ting i ei hånd.
Desse gamle gjekk der fordi døm va nødde, det va ein del tå kvardagen.
Folk i våre dågå lurar på kålels døm kunne greie dette. Forklaringjé va
nok den at døm fekk ei trening i arbeid og gange, som ingen lenger kan
skjøne fullt ut. Sæterlivet ha au ei slik dragning på folk, at når
fjell og vidde opha seg framafor, vart døm som nye menneskje etter ein
tong og kjei tur upp lie.

Klage høyrde ein sjelda nugun gjorde. Heller va det å merkje takksemd
for det veste døm hadde. Døm kjende seg frie på fjellé, og det veg upp
att både slitet og det at døm vanta mange ting som i dag er sjølsagde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *