Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Snerlingen

Ein mann frå Medby låg i Harstad med sjarken sin. Om kvelden var han oppe i byen eit ærend. Då han kom ombord igjen, såg han at det hadde vore folk nede i båten, og at noe snerling han hadde, var borte.

No hugsa han på at han hadde møtt ein mann oppe i gata, og at mannen bar på ein vase med tau. Han kjende mannen og gjekk opp til han, men mannen blånekta for tjueriet. Han måtte likevel til slutt gå med på å la politiet avgjere saka.

På politistasjonen visste dei ikkje kva dei skulle tru, for begge stod på sitt. Til slutt snudde Medby-mannen seg til den andre og sa:

«Sei meg, har du firlagt snerling?»

«Firlagt snerling», svarte mannen fort. «Eg har aldri hatt anna enn firlagt snerling.»

«Ja, då er tauet mitt», sa Medby-mannen. «For alle kan jo sjå at det her er trelagt snerling.»

Politiet såg etter og fann ut at mannen frå Medby hadde rett.
(John Andreassen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *