Internt referansenummer: 15.06.2011 – Bok
Kilde: Med Nordfjordglimt i auge
Av: Martin Lilleheim
Teikningar: Tore Geir Aaland
Utgitt i 1992

Klikk her for å lese “Forordet”

«So karane skal langt…?»

Knut Hjelle dreiv tidlegare bensinstasjon på Hjelle i Eid, og vart snart kjend for sine gode replikkar.

Ein gong reiste eitpar karar frå oljeselskapet han representerte rundt i distrikta, og testa service’en på dei ulike stasjonane. Til Knut Hjelle kom dei midt på natta og ringde på. Han stod opp, låste opp pumpa, og spurde kor mykje dei skulle ha. Dei bad om 5 liter.

Han tappa det dei skulle ha, utan å seie eit ord. Men då han tok mot betalinga, såg han på dei og sa:

– «So karane skal langt, forstår eg…?»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *