Kilde:
Leiv Heggstad
Eventyr og segner på målføre
Frå alle kantar av landet
Oslo 1950

So løner dei godgjerningar.

(Målføre frå Vang i Valdres)

Ei gøng va dæ ein gamalø mann, so gjekk å stauka se mæ ein kvit'ø stav. Så kom'n åt ei maurø-tubbø, å i hennø låg ein ørm å bar se så illø, at mauradn vildø drepa'n.

– ”Å kjærø mann!” sa'n, ”reddø me or desse nø'n! Rætt te me staven din å kastø me otor tubbun!”

Å ja, mann gjordø så. Trast sløngdø ørmøn se ikring hæls'n på manne å sa dæ:

– ”Ja no vil e stingø de ihæl.”

– ”Ja så,” sa mann, ”no redda e ditt liv, å du vil drepa me før omakø.”

– ”Ja,” sa ørmøn, ”ha du kji høyrt dæ, at alla goa gjærninga sko illø lønast?”

– ”Nei,” sa mann, ”dæ kann inkji vera så. Me få gå eit stykkjy, få me høyrø um alle sea så.”

Å ja, dei komo då te ei gamalø mærr.

– ”Høyr du gamalø mor,” sa mann, ”æ dæ sant, at alla goa gjærninga sko illø lønast? Så seie denne ørmøn; e frelstø livø hass, han låg i ei maurøtubbe, å dæmæså sløngdø'n se ovør hæls'n min å seie, at'n vil drepa me før omakø.”

– ”Ja,” sa mærre, ”e får nøk veta at dæ gamlø orspråkø æ sant, e. Før ha e hatt møngø finø føl, å drage mangt eit tungt lass, å vøre te storø nyttø; men no bjøø dei me ei blåø kulø i skallin før omakø.”

– ”Ja, høyr no,” sa ørmøn, ”no sting e de ihæl.”

– ”Nei,” sa mann, ”me få gå eit stykkjy te, dei sea væl inkji alle så.”

Å ja, eit stykkjy derifrå komo dei te ei gomol'ø kjyr.

– ”Høyr du gamlø mor!” sa mann, ”æ dæ sant, at alla goa gjærninga sko illø lønast? Så seie denne ørmøn; e redda livø hass, han låg i ei maurøtubbø, å mauradn ha Hikkørt drepe'n, men e redda'n mæ kvitø stave mino; men no vil han drepa me før omakø!”

– ”Ja,” sa kjyre, ”e får så finnø e, at dæ orspråkø æ sant. Før ha e børe mange gjilde kælva, å mjølka dygtigt; men no bli e bøi ein blå'ø øksø-hamar i skallin før omakø.”

– ”Ja, høyr no,” sa ørmøn, ”no dræp e de.”

– ”Nei,” sa mann, ”me få enno gå eit stykkjy; høyre e då dæ sama, så får dæ væl så skje.”

Så komo dei te ein røv.

-”Høyr du, røv!” sa mann, ”du æ no så klok'ø på allø ting du? Æ dæ sant, at alla goa gjærninga sko illø lønast? Så seie denne ørmøn, so e bærø ikring hæls'n. E frelstø livø hass. Han låg i ei maurøtubbø, å mauradn ha no snart drepe'n, men e to'n på staven min å kasta'n or tubbun, å han kasta se ovør hæls'n min å seie, han vil stingø me ihæl før omakø.”

– ”Ja,” sa røven, ”no ska e vera dommar i myljo dikka, e; men de må løva me dæ båe tvo, at de vilja taka ve den dommen so e fælle.”

Å ja, dæ løvdø dei.

– ”No ska e seta e på ein stein, å du, mann, ska seta de på ein stein, å ørmøn ska lægji se på ein stein.”

Å ja, dæ gjordø dei.

”Ja, no dømme e, at du mann ska ta kvitø staven din å slå ørmøn ihæl.”

Dæ gjordø mann trast.

– ”Ko ska du ha før omakø ditt?” sa mann.

– ”Bli e i nø ei gøng, så ska du hjølpø me attø,” sa røven.

Noko daga derette sto mann å pløgdø. Dæmæ kom dæ ein røv springand.

– ”Å kjærø mann!” sa'n, ”pløg me ni føre, så ingjen ser me; dæ kjæm'ø ein skjyttar å vil skjøtø me ihæl.”

Å ja, mann gjordø så, før han kjændø att røven, at dæ va den sama so haddø hjølt hono. Så kom skjyttarn.

– ”Ha du kji set ein røv sprang her?” sa'n.
– ”Nei,” sa mann, men han peiktø burt på føre.

– ”Han sprang då sjile plent te de,” sa'n.

– ”Nei,” sa mann endå; men han peiktø på føre alt'n sto; men skjyttarn hugstø 'kji ette di, å reistø sin væg.

– ”No,” sa mann, ”redda e okså ditt liv.”

Men røven so haddø set at'n peiktø, svara dæ:

– ”Ja du tala so'n mann, men du peiktø so'n skjelm.”

_____________________________________________

Målet høyrer til Fjellbygdmåli. Der er tjukk l, ei og øy vert uttala mest som ai og åy. gamalø; den slakke e'en i ordendingar er her skriven ø slik som originalen hev det. stauka se studde seg. maurø-tubbø maurtuve. or desse nø'n (dat.) or denne naudi. otor tubbun (dat.) or tuva.rør omakø.»

bjøø (not. fl.) byd (bjoda).

ni føre ned i (plog-)fòri. sjile skilleg, tydeleg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *