Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Soli

Soli går ikkje likt høgt alle år. Det er og sume år ho har varmare skin enn elles. Dei gamle hadde eit ordtak um soli:

”Gje sole måtte skjine
over de, over me,
over mine,
over rot, over stokk,
over tre, over topp!”

Då eg var liti, hugsar eg at dei gamle gav soli smør. Når dei hadde kinna, la dei soleis gjerne litt smør i glaskarmen, so soli skulde bræ det.

På sume stader, på baksida av dalen, er soli ofte burte i både dagar og vekor um vinteren. Der soli var burte serleg lenge, la dei litt smør i glaset med det same ho kom att fyrste gongen. Dette skulde ho få bræ. Dei vilde gjera henne ei liti ære, skjønar du.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *