Kilde
GUTEDAGAR
Alf Sundsbø
Klikk her for å lese Føreordet
A/S E.K. Hansen Eftf.
Aasgård & Sønn – Mplde 1981
Tekningar: Knut WOldsdal
ISBN 82-90393-05-9

Søringane kjem

Ludvik og eg stod sør på vegen ein dag, heller sturne, og såg på det
planlagte levandefisk-anlegget vårt, som regnflaumen hadde øydelagt om
natta. Vi hadde bygd ein torvpall tvers over Smibekken, — fått til ein
heil kulp, der vi hadde fire småaurar (kreer, som vi kalla del) gåande
på beite og foring. Desse skulle bli stamforeldre til ei mengd med
storaurar med tida, meinte vi. Men så kom sturtregnet og flommen om
natta, og bekken sopa heile anlegget på sjøen, aurane og.

«Ja der gjekk den framtidsdraumen til sjøss som så mange andre,» sa han Ludvik filosofisk, og så ålvorleg at eg måtte le.

Då vart vi vàr noko rart som kom frå Beinset, sigande austmed stranda.
At det var ein deksbåt på ca. 45 fot, var ikkje vanskeleg å sjå, endå
det var ei skøyte. Men på sida hadde han ein diger raring av ein båt.
For oss såg det ut som han hadde både rorhus og lugar i framenden. Bak
hadde han tverrgavl, og det såg ut som han hadde ein rull tvers over
gavlen, og eit høgt horn på kvar ende av gavlen. Vi lo og snakka ille
om denne raringen av ein forvaksen notbåt. Det kunne ikkje vere vitige
karfolk som hadde bygd ein slik, meinte vi. Men vi skyna då så pass at
dette var notbåten. Dei hadde også ein vanleg færing med seg.

Vi gjekk ned til Kvilarsteinen på Båsen og sette oss Vi måtte sjå
nærare på dette mirakelet. Vi lo og vitsa om denne tverrgavlingen ei
heil stund, for noko slikt hadde vi aldri sett før. Brått hoppa to mann
ned i færingen. Den eine byrja ro, og den andre stod og heldt loddlina,
(ein tynn massingstreng med eit blylodd i enden). Men så byrja
loddroaren å ro i krokar og svingar, så både Luidvik og eg vitsa om at
mannen ikkje hadde lært å ro beint fram eingong.

Han som heldt loddet, byrja å gjere nokre teikn til karane på
deksbåten. Resultatet var at begge båtane flytte lenger vest og la seg
kvar sin veg, deksbåten med stamnen mot land, men gavlbåten med stamnen
frå land. «No går ho snart,» sa Ludvik. — Men så gjorde basen eit teikn
att. Han tok av seg huva og veifta over hovudet rett ut frå land, og
med ein gong køyrde den store not båten rett utover. Brått slo basen
begge armane ut som han femnde tau, og dermed byrja nota å gli ut over
rullen bak i båten. Og eg skal seie det gjekk. Sanneleg hadde han motor
som drog, den notbåten. Nota stod mest i ein boge bak gavlen.

«Dei er gulne,» sa Ludvik. «Ingen kan fange sild som står så langt frå land som dette.»
«Ja men sjå på nota då, ho tek aldri ende,» sa eg.

Vi hadde aldri sett så lang ei not nokon av oss. Dei har vel skore av djupna og skøytt på lengda, meinte vi.

Etter at dei hadde sett nota, låg begge båtane still ei stund, og vi
visste at dei venta på at nota skulle søkkje. Men så kom det eit teikn
fra basen att, og begge båtane gav seg til å dra på kvar sin ende av
nota. Motoren drog inn notarmen samtidig som han andøvde båten, så
begge båtane låg rolege. Alt gjekk så stilt og roleg føre seg. Då dei
hadde drege inn ein heil del av notarmen, vart det signalisert med eit
raudt flagg frå notbåten. Dette skyna vi var for å kontrollere at det
var drege inn like mykje tau på begge båtane, for ein augneblink etter
svara dei med eit raudt flagg frå deksbåten og. Vi visste frå før at
karane brukte å merke notarmene med farga tyklutar, og at dei gjorde
teikn til kvarandre, så dei hadde merke av same slag samtidig. Då var
nota jamndregen .

Men du store all verda for ei not! Ho kavleflaut mykje lenger frå land
enn noko av nøtene heromkring. Ho måtte vere fælande djup. Vi skyna
snart at dei hadde mykje sild i nota, for eg høyrde basen sa til karane
at det blir sanneleg trangt om plassen i låsenota, endå dei hadde ei
retteleg dryg låsenot, fekk vi sjå seinare. Basen, som synte seg å vere
ein triveleg kar, sa at han ville prøve å få selt silda så snart råd
var, så ho ikkje vart oppeten av måsen. Eg spurde kvar dei kom ifrå, og
eg fekk det svaret at dei var «ekta stril». Skøyta og notbåten var
merka med F, og eg tenkte at den F-en står for Fjell kommune, som eg
visste skulle liggje utfor Bergen ein stad. Om eg ikkje no minnest
feil, trur eg basen heitte Vindenes, og han skulle vere ein rein
stordrivar, sa folk som kjende han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.