Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Sørra-Tomi og Njarga-Finna

På vinteren, når svensklappane kom over på handelstur, brukte dei mykje ta inn hos oss. Og han far var då med dei til handelsstaden i Ballangen og var tolk åt dei, eller faktor som vi kalla det.

Ein gellivare-lapp, han Sørra-Tomi dei sa, var årviss over. So ein vinter kom han køyrande med to reinoksar. Ja, han fekk reinane i beite, og kom sjølv inn og fekk fliing. So var det um fargubben vilde vera med til handelsstaden. Men no var det brudlaup hos handelsmannen just den dagen; so han far talde av med å fara. «E trur vi let da ver i dag, Tomi; før hånn Wicklund ha bryllupp åt ein a gluntann,» sa han. Men dentid lappen fekk denne tidenda, vart han skikkeleg uppgjor på å fara, og dette enlast slik det bar nedover; der vart dei bedne i hus og fekk både mat og skjenk.

Alt medan kom brudlaupsfolket baker frå Evenes. Lappen var då komen i godhøvan, han var åt å bli høveleg piskjen, som eg seier; og kvartetter tok han til å jeika og bli nokso styrande av seg. Folk sat med bordet, og syntes dette åt vera, han Wicklund mest. Men ingen tordest ta i ferd med å stagg lappen; for det gjekk ymse ord um han. Det gjekk no ei tid på dette viset. Men sluttpå sa brudgomen med han Tomi, at no fekk han sjå til å vera tyst; men lappen berre jeika på etter sine notar, og var til stort forargelse. Då var brudgomen og røska i han og for ut. Ute i svala hadde lappen streta imot, so det kom til å bli eit ekstra bask med å få han på tropphella, og under dette hadde det borest mot ein spikar med dei; so han Tomi fekk ei stygg rift i hovudet. Og no vart han arg til gagns; han kvenska og svor so dei høyrde turen av han i stua. Wicklund var då ut, skulde tala visleg med lappen; men han var so forharma han bad berre han far beit puinn hesten og køyra. Og under heile turen uppover las han den svarte bok og svor hemn. Millom anna sa han at brudgomen skulde ikkje få liggja meir enn tre næter med brura.

Han far vilde ha han til å vaska blodet av seg; men Tomi sa han var merkt, og merket skulde få sitja på. Kva meining han no hadde med det. Heime tok han so uppatt trugsmålet sitt. Ho mor prøvde tala han til rette; ho sa det var ikkje i vondskap gjort av brudgomen. Men Tomi høyrde ikkje. Dessutan, sa han, skulde han Wicklund få julegjester i huset.

Ja, dette kom til å gang som lappen hadde sagt. Tredje morgonen etter brudlaupet var nykona fyrst uppe for å leggja i omnen, og under dette trilla ho over; og innan kvelden låg ho Mette på likstrå. Og sjølve julenatta fekk Wicklund sitt. Dei fekk det so ufredsamt i huset. Dørene spratt upp og slemra i som i det verste hardver. So skulde han Wicklund ta upp striden med daudingane, dei som var årsak til dette. Men same natta sette det seg til vondskap i ei hand. Og handa visna burt og vart for inkje (Ballangen).

Han Pål Knutso vilde ikkje tru at gannlappane hadde makt over dei døde; han sa det var berre fark dei for med. Ein gong var han komen i kast med ein nåjon um dette. Nåjonen var han Njarga-Finna. Ja, han påstod han kunde koma i tal med dei døde so ofte han vilde, og ta dei i si teneste. Men det vilde ikkje han Pål vita av. Dei tokst no um dette til dei var åt å bli høveleg ustelt. Ja, ja, sa han Finna, so fekk dei gang til kyrkjegarden, då, so skulde han Pål få anna å vita.

Den fyrste grava dei kom åt, der la nåjonen seg på kne og tok til å mørra på tekstene sine. Og då det leid av ei økt, fekk han Pål høyra gråt nedantil jorda. Men nåjonen syntes ikkje

han fekk det til å lukkast retteleg. Gjekk so til ei onnor grav. Men der slapp dei bia på svaret; det vart eit levan og rop utan like. Medkvart ropa han Finna, medkvart den døde. Men han Pål visste ikkje å få tak i alt som vart tala; men so mykje forstod han av det, at nåjonen truga den døde til å spara han Pål. Men då bad han nåjonen um å la den døde vera i maken.

Etter den ihervingen fekk han Pål Knutso ei onnor tru (Ballangen).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *