Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

SPÅDOMAR

«Vise Tone» som dei kalla henne, var frå Å sokn. Ho har sagt at fossen ved Kvåssteinen i Lyngdalselva
skal bli slik at laksen kan gå opp til Lygne. Noko av fjellet på
vestsida skal falla ned og jamna ut fossen. Men dette skal ikkje skje
før to søstrar på Kvåsneset helds bryllaup på ein gong eller at det
står to bryllaup på Kvåsneset same dagen.

Vise Tone har og sagt at «Kallgarden», ein fjellknatt vestanfor Foss i Lyngdal, skal ramla ned og demma opp elva så mykje at garden blir liggjande under vatn.
Vidare har ho spått at Rosfjord i Lyngdal skal bli by. Og når den tid
kjem, skal det bli borgarkrig i landet, og folk skal slåst slik at
kråkene kan sitja på toppen av ein stein og pikka blodslivren or lika.

*     *     *

«Vise Joron» som levde for ikring 100 år sidan, spådde at Vårdal var den rikaste garden i Grindheim.

Joron spådde vidare at det aldri skulle vanta halte folk på Øydna i Grindheim og at Høylandsfolka skulle bli fattige medan Ivelandsfolka blei rike.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *