Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.

Spidsrot

I gamle dagar var dette ein mykje brukt straffemåte i det militære, namnet kjem frå tysk Spiess-Rute, spydpisk. Delinkventen måtte med naken overkropp og med hendene bunde framfor brystet gå mellom to rader soldatar som skulle gje syndaren eit kraftig slag på ryggen med ein kjepp. Seks gonger spidsrot mellom 300 soldatar i tre dagar vart rekna som dødsstraff. Spidsrot vart avskaffa i 1814 her i landet.

(Bildet er kun et illustrasjonsbilde)

Det var eksersis på Hestvollen, Kyrkjevollen i Lom, den gongen. Ein soldat frå Eggen hadde forbrote seg og vart dømd til å gå spidsrot. Men natta før dette skulle gå for seg, hengde han seg under låvbrua til Ulstadlåven.

Det var systera, ho Marit, som fann han. Ho skvatt så ho miste vetet.

Det går ei soge om ho Eggja-Marit, som ho vart kalla, der ho gjekk ikring som ei rare. Ho og ho Tull-Guri møttest på Prestbru’n — nå Ulstadbrua — og ingen ville gå av vegen. Til siste gjekk ho av vegen lell, ho Tull-Guri.

— ‘N lyt bruke vet, som vet ha’, sa ho Tull-Guri.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *