Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Spilloppmakeren Torkel Urestad:

Personanae og miljøet rundt han

 

Korleis far hans fekk att tjuvgodset frå Gjest Bårdsen, og korleis Torkel narra Hans Velærverdighet Sogneprest Dikborgh.

Garden Urestad ligg på ei fjellhylle vest for Snartemo. Ved Tribekken svingar Urestadvegen nordover når Skjeggestadvegen går mot sør. Frå dalen er der bare ein god km opp til garden. På sjølve Urestad er der frå gammalt fire gardsbruk, men Husdalen og (på) Skaret ligg likevel i same grenda.

Bruksnr. 1 kan føre slektsrekkja i rett nedstigande linje tilbake til første halvdel av 1600 talet. Også i dag er garden i same slekta. Mange både av fagnadfolk og fant har slektsrøter knytt til denne garden, og vi er mange som har ei større eller mindre rot festa i Urestadjorda.

 

Ordførar og prestens medhjelpar

I 1837 då formannskapslova tok til å gjelde, fekk Hægebostad første ordføraren sin frå dette bruket: Det var Tosten Torcildsen Urestad. Han var ein klok og akta mann i bygda, og var prestens medhjelpar og valmann frå kommunen til første stortingsvalet i 1815.

Det var nokså mannjamnt bruk av brennevin i denne tida, og prestens medhjelpar var heller ikkje av dei «som spytta i glaset». Av og til kunne det gå over streken for han. Men når det blei alt for urolig i kyrkja preikesundagane, var det bare medhjelparen og lensmann Rolvsen som kunne roe ned almugen, seiest det.   Derfor sette D0rborgh stor pris på Tosten.

Etter den tids tilhøve så hadde Tosten ein bra gard og stod seg godt økonomisk. Han bygde nye hus med rosemale kanneskåp, dør, kister og senger. Alt var forseggjort og vitna om god smak og velstand. Husa står framleis, og er langt på veg slik dei var i Tosten sine dagar.

 

«Og rikmannens stabbur med mat og med mynt, når Gjest har besøkt det

er forrådet tynt»

I denne tida var det naturalhushald, slik at kvar dyrka sitt eige korn og ala opp sine eigne slaktedyr. Stabburet var eit svært viktig hus på kvar einaste gard. Slik også på Urestad. Stabburet står framleis. Døra ber merke etter å ha blitt broten opp. Det skal vere etter stortjuven Gjest Bård-sen.

Prestevegen til Kvinesdal går ved Urestad, og her reiste Gjest framom. Det har nok vore om natta han braut seg inn i buret. Der fann han ein del sølv og ein nysølvbeslegen hestesele, som han bar med seg over heia til Kvinesdal.

Då Tosten blei var tjuveriet, tenkte han seg kva veg tjuven hadde fare, og sette etter. I Kvinesdal var der dans. Gjest var nok litt av «ein pigernes Jens», og Tosten trudde det var gode sjanser til å finne han på dansen. Dette heldt stikk, og på ein eller annan måte fekk han lokka eller truga sølvet og nysølvselen frå Gjest, og kunne bere det med seg att aust over heia til Urestad. Det var sikkert ikkje mange som slapp så billig frå stortjuven.
Urestad

Urestad i Hægebostad. Dei dobbelthøge husa står framleis slik Tosten Torkildsen bygde dei. I det vesle stabburet til venstre var Gjest Bårdsen og stal sølv.
Fotograf ukjent.

 

Sagnfiguren og spilloppmakaren: Torkel Urestad

Tosten Torcildsen var gift med Ingeborg Sørensdtr. Far hennar var hus¬mann eller lutbrukar under Hægebostad prestegard. Tosten og Ingeborg hadde sju barn i alt. Her skal vi bare sjå på historien eller rettare sagt — historiane, om den eine: Torkel. (1808-1887)

Det er vel ingen som i dag kan gå god for at hendingane har gått for seg akkurat slik dei blir fortalt. Dei har trass alt gått på folkemunne i 150 år.

Sogneprest Diirborgh var ein vidløftig herremann. Han likte det sterke og var svær til å spele kort. Når Tosten var medhjelpar hos presten, blei snart sonen, Torkel, huskjent i prestegarden. Han både drakk og spela kort i lag med presten. Både drikkevarene og tobakken i prestegarden smaka bare så alt for godt. Begge tinga prøvde presten å gøyme unna. Flaskene gøymte han på doen. Også der fann Torkel dei. Han drakk opp innhaldet, og fyllte på det som var både udrikkelig og unemnelig. Når presten så skulle spandere dram på tilreisande kolleger eller andre, blei det stor skandale.

Av alle spilloppane Torkel stelte til, er vel historien om nåla i preikestolen den mest kjende, ja og så den om kortstokken i lommeduken. Omlag slik skal dette ha gått for seg:

Folk visste at Durborgh var svær til å spele kort. Dette nytta Torkel seg av. Han sveipte lommeduken, som hadde fast plass i ei lomme i prestekjolen, rundt ein kortstokk. Neste preikesundag sveitta presten seg gjennom ei vanskelig tekst frå Gamle Testamentet, og ville tørke seg i ansiktet med lommeduken. Dermed spreidde korta seg ut over forsamlinga. Dette greidde han likevel elegant med denne replikken: «Således spredtes synden ut over verden.» Like greitt gjekk det ikkje den gongen Torkel hadde sett Knappenåla i preikestolen der presten pleide plassere neven når han skulle slå fast eitt eller anna i talen. Også denne gongen vil tradisjonen ha det til at synda var eit sentralt tema i preika, for presten spurde: «Hvem førte synden inn i verden?» — og slo i preikestolen. Der fekk han nåla i neven. Då gløymte han for ein gongs skuld teksta, såg på neven, og sa: ‘Det har min sann min gode Torkel gjort.»

Dürborgh likte godt å fiske i elva, og av og til sette han ut stanga over natta. Då kunne Torkel vere der å henge ei brennevinsflaske på kroken.

I prestegarden hadde dei ein hund som var så flink til å hente stein eller pinnar som blei kasta. Likeins var han brukande til å pusse på folk som skulle jagast frå garden. Det hende når der kom «fint besøk», at Torkel heiv ein pinne i mittingdammen, og deretter pussa hunden etter folka.

 

Presten hadde ei sveisen dotter

Ho var fire år yngre enn Torkel og heitte Jensine Micheline. Lenge såg ho og Torkel på kvarandre. Seinare blei dei endå betre kjende, og fann ut at dei ville gifte seg. Dette høyrdest verre ut enn både pest og plage for prestefar, som på ingen måte ville godta det. Men Torkel var utkropen, og Jensine Micheline var med på notene. Når presten kvar morgon hadde sin vanlige tur til doen, passa Torkel på av og til å stå gøymt bak eit hushjørne, og så spurta han eldande fort over tunet, slik at presten bare fekk ein gløtt av han. «Nå har den fanten vært her igjen!» sa presten.

Fanten

«Nå har den fanten vært her igjen»
Illustrasjon: Odd R. Jørgensen

Med tida såg det ut til at trafikken tok til å gje seg synlige utslag, for Jensine Micheline blei rundare og rundare rundt livet. Då laut Dilrborgh bite i det sure eplet, og gå med på at dei fekk gifte seg. Det er vel helst trulig at der var lite av «pomp og prakt» ved dette bryllupet når tilstanden var så synlig, og så skammelig.

I alle fall blei dei gift. Men då bryllupet vel var over, var den gode Jen-sine Micheline like smal som før. Ho hadde bare sveipt dugelig med tøy rundt livet.

Etter oppskrifta skulle Torkel hatt farsgarden på Urestad. Det fekk han forsåvidt og, men handla han seinere bort til søstera og mannen. Kanskje dagliglivet på Urestad ikkje svara heilt til dei framtidsdraumane prestedottera hadde hatt?

I den tida Torkel og kona budde på Urestad, var der ein gong kvinneforeining hos Jensine Micheline. Då konene skulle ned bakkane om kvelden, var det blitt nokså mørkt. Der ved stien hadde Torkel klatra høgt opp i eit tre, og frakta med seg ei glødande brenntorv. Då konene var i kominga, svinga han torva eller bles på henne, slik at myriader av små stjerner rapa ned mot jorda. Konene snudde tilbake til Urestad svintare enn svint og fortalde at dei hadde sett «fireåtjue jos i lampesjægan». Trulig måtte dei vente til Torkel kom heim, slik at han kunne følgje dei framom den farlige plassen.

 

Smed og spelemann

Torkel var god smed. Dørlåsar, hengsler og anna smedarbeid ved bygginga av Hægebostad kyrkje i 1844 er vistnok utført av han. Sakser og knivar var han ein meistar til å få «godt bit i». Smia hadde han i ei lita fjellskor vest for uthusa på Urestad. Seinare då han hadde overlate garden til søstera og mannen, Anders Urestad (Røyseland), blei han den første smeden i «smeddynastiet» på Hamran.

I tallause bryllup hadde dei Torkel som spelemann. Men dei var litt redde han, redde for at han skulle stelle til alt for mykje galskap. Eit av triksa hans var å tette til pipa med torv, slik at huset blei fullt av røyk. På Gyberg narra han ein litt godtruen mann på taket for å tette pipa, og så drog Torkel vekk stigen. Då kunne han sjølv stå med gullande reint samvet når omnen tok til å ryke ut, og dei fann «gjerningsmannen» på taket. Det skulle vere med denne mannen som med mange av dei som uforskyldt får skulda for eit eller anna fantestykke: Han var ikkje av dei som hadde funne opp kruttet. Likevel fekk han dugelig bank for umaken: «Dei slo an mest i hæl,»sa folk.

Samuel «i Heuå» på Fåland gjekk under namn av «Gullmannen». Han hadde vore i Australia på gullgraving, og hadde med seg heim store gullklumpar og gull inne i eit holt belte. Han visste ikkje om han torde ha Torkel i bryllupet sitt. Dette sa han beint ut, men Torkel sa. «Å, jau du veid æg jere inkje noge vont for deg». Men takk skal du ha: Då bryllups-feiringa var på det beste, kom der ei kvit merr trampande inn i bryllupsstova. Det var Torkel sitt verk.

Ein gong var det ein mann som var så sørpefull at han ikkje visste til seg. Torkel snitta seg då til å klyppe og snaurake halve hovudet på fylliken. Då han vakna av rusen og såg seg i spegelen, illskreik han, sa dei.

Dei fleste av desse historiane er sikkert langt på veg sanne. Eitt er i alle fall brennsikkert: Torkel må ha vore ein person utanom det vanlige. Når det galdt smedarbeid og felespel, var han ein kunstnar. Han likte å vere i rampelyset. Der ville også bygdefolk ha han. Det gjer godt med ein fargeklatt i alt det grå som livet mange gonger er prega av.

Med evner og initiativ styrt i ei anna retning ville sikkert Torkel sett djupe merke etter seg i bygdesamfunnet. Det har han forresten gjort likevel, noke som desse historiene vil vere eit vitnemål om.

Jensine Micheline blei bare 48 år og døydde i 1855. Torkel døydde hos sonen på Hamran i 1887 — 79 år gammal. Nå har historiene overlevd han med meir enn 100 år. Det er svært trulig at når enda eit hundreår er gått, vil folk framleis humre og le når talen kjem inn på Torkel Urestad og alle spilloppane hans.

Skriftlig tilfang er henta frå:
Ånen Lauen: Hægebostadboka og Magnus Breilid: Dei gamle fortel

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *