Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Spørsmål og svar

Til Kyrkjebø distriktslækjarstilling kom det ein gong ein ny lækjar. Denne var forutan å vera sers dugande, også ein mann med mange innfall og dertil ein stor skjemtegauk.

Tallause er dei soger som vert fortalde om han, men her skal berre nemnast ei.

Distriktslækjaren hadde ein stor hønsegard. Ein dag då ei av bygdekvinnene gjekk forbi, vart ho ståande med eit gisp. Ho talde og talde fleire gonger, men fekk det til at det gjekk 12 høner og 12 hanar i hønsegarden!

Dette var i aller høgaste grad merkeleg. Sjølv dreiv ho med hønseri, og høner hadde og mor hennar hatt, men dei hadde berre ein hane i hønsegarden, og såvidt ho visste var det ingen andre i bygda som hadde meir enn ein eller i høgda to hanar, men her var det verkeleg ein hane til kvar høne! Dette måtte då vera sløsing med hønsematen. Så snart ho fekk tak i lækjaren, skulle ho fortelja han dette.

Eller kan henda det var noko nytt som ho ikkje hadde kjennskap til? Kan henda det var vitskapeleg prova at hønene la fleire egg dersom dei hadde ein hane kvar, eller kan henda vart kjuklingane sterre og sterkare? Jau, så sanneleg ville ho prøva å fiska løyndomen ut av distriktslækjaren!

Nokre dagar seinare var ho så heldig at ho møtte lækjaren som hadde vore på posthuset og henta posten sin.

Dei helsa og snakka saman. Så busa ho ut:

«Sei meg, kvifor har De 12 hanar til 12 høner? Eg såg nemleg dette då eg sist sundag gjekk framom hønsegarden Dykkar?»

Distrikstlækjaren såg på henne med eit glimt i augo medan han sa:

«Ja, det skal jeg si Dem. Det er som De sier ikke noe vanlig. Men grunnen til at jeg har innført dette systemet, er at jeg ikke er tilhenger av flerkoneri!»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *