Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Sprek hest med Karjol i sæterveggen

Ein mann frå Jensås i Ålen var på veg til sætra innrned øyungen. Det var ein fin sommarkveld sist i juli og sola skein. Ho hang lågt over fjella i vest. Saubjøller slo eit og anna kløkk innetter liene. Småfuglane kvitra så smått. Trasten bruka kjeft og langt unna var det jammen ein gauk som gol. Men kubjøllene var stilna for dagen.

Mannen hadde dreve hardt med slåttonna og var sliten etter dagsverket, men laurdagen måtte han likevel innetter til kona. Det var ein eigen sjarm over desse sæterturane.

Som han gjekk der i eigne tankar hørte han at det skrangla av kjøredoning borte i vegen. Han såg seg attende og der kom ein blakk hest tråvande i armane på ein karjol. Det var langt unna og vegen gjekk over ein flat kjøl før han smøygde seg innunder eit lite åsdrag som skar seg ut og stengde for augo.

No ska du sjå det bi skyss å få, sa mannen for seg sjøl. Han sette seg på ei tuve og ville venta. Men det vara og rakk og inga kjøredoning synte seg i svingen.

Etter ei lang ventetid gjekk han attende og ville sjå kva det var. Men vegen låg like still og fri for farande.

Han hadde da verkeleg hørt hjulrammel og sett den spreke hesten.

–    ”Den gongen va det i allfall tufta som va ute,” sa mannen da han fortalde om hendinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *