Kildeinformasjon:
Mosdalen Omslag-IIInternt referansenummer:B-31.03.2013
Kilde:
MOSDALEN – BEITEBRUK OG SETERDRIFT
Av: John P. Moe
Ørsta, mai 1976 – November 1980
Utgjevar: Mo Gardstyre, formann Helge Moe
ØRSTA TRYKKERI A.S
Klikk her for å lese ”Innledning om Mosdalen”

 

 

 

Stadnavn (Mosdalen 1980)


Det som står framanfor i denne boka skreiv eg i 1976 etter oppmoding frå bygdebokforfattaren for Ørsta, Ivar Grøvik.

Heftet vart stensilert i omlag 40 eksemplarar. Grøvik fekk eit. Dei andre vart delte ut til gardbrukarane på Mo og andre frå Mos-grenda.

Der var fleire på Mo som då spurde om eg kjende stadnamna i utmarka til Mo og då eg svara at eg meinte å kjenne dei fleste så vart eg beden om å skriva dei ned, slik at dei ikkje skal gå i gløymeboka.

Såleis skriv eg no her så mange som eg hugsar og dei eg har fått spurt opp frå andre, gamle Mosfolk.

Eg tek til ved Brekkebytet og held fram utover til Gotene. Hit fram skriv eg namna på dei stader som ligg ovanfor Mosgeila. Så held eg fram med namn i Mosdalen, frå Rossåa i vest til bytet mot Brekke si utmark og til fjelltoppane på Mosdalens austside.

Eg nemner dei namn eg veit heile Mosdalen til endes. Det vil seia radt til Ørstaskartet. Vidare held eg fram heimover og skriv namna på vestsida av Mosdalen så langt som den gamle beite-marka til Mo rakk. Det vil då seia heilt til det gamle bytet der var mellom Mo si utmark og utmarka som tilhøyrde Engeset og Nu-pen. Dette bytet var i Tverrberget og det gjekk i bein line «frå den høgaste nut til den kvitaste foss».

På Mo er innmark og utmark, eller slåttemark og beitemark skilde med solide steingjerder. Frå gardstuna til beitemarka går der ei brei Geil, som og har steingjerder langs sidene.
Geila har veg og etter denne vegen driv ein buskapen til og frå. Etter same vegen køyrer ein ved og varar.

Slik har ordninga vore for dei fleste grender på våre kantar, og denne ordninga er sikkert gammal. I Ørstavik, på Velle og på Ose er det likeeins. Dei har Vikegeila, Vallageila og Osgeila. Desse gardsgeilene fører alltid til grenda si beitemark.

Der fann ein då namn som seter, støyl eller Støylane.

Desse namna bar bod om kvar grenda sin buskap brukte å støyla seg. Støy! eller seter tyder stort sett det same og desse nemningane vert brukte om ein annan, som til dømes Bakkestøylen, Mosetra og Støylane på Velle, likeeins Kubbestøylen.

Ettersom Mo er ei stor og vidstrakt grend kjem der ei geil frå Frengarden — fremregarden og ei anna frå Inngarden — indregarden. Dei to geilene møtest på Rishaugen. Så vert det ei geil då framover til Goteledet. Vegstykket frå Rishaugen til Gotledet heiter Gotene. Denne fleirtalsforma seier frå at der, på dette stykket, har vore fleire råser eller «gater» ved sida av kvarandre. Såleis også på «Tvigotene» — to (gater) råser jamsides.

Goteledet står i Rimegarden, eit steingjerde som skil utmark og innmark frå kvarandre. Rimegarden går frå storelva «Rossåa» i dalbotnen og radt opp til fjells.

Stadnamn

i Nymarka til Mo og i Mosdalen.

Brekkebytet, eit steingjerde
Ormetunga, mellom Bjønnaelva og bytet.
Bjønnaelva.
Båten, ein fjellformasjon.
Kristianjorda, god slåttemark.
Longhammaren.
Husmønet, ein fjellhammar.
Gullikurda, ved Geila.
Krikjen, lite høgdedrag.
Kalverystene, småskog i slåttemarka.
Lessingane, lesseplass for høy og ved.
Klombra, storsteinet mark under fjellet.
Klombrahola, grøderik, ved fjellfoten.
Klombravegen, bratt oppgåande rås.
Saudetroppa, råsa vidare opp.
Høgereiten, ovanfor Øvremo.
Ramshamrane, ovanfo Høgereiten.
Ramsåkeren, ramsen v ks tett.
Ramshellaren, i Rams amrane.
Stubbereiten, lenger vest.
Riset, svakt høgdedrag
Rimehaugen, opp for i otene.
Rimen, no nedlagd bustad.
Rimegarden, gjerde mot utmarka.
Ellingsslættet, slåttemark på fjellhyller.
Sirislættet, slåttemark å fjellhyller.
Gotene, vegstykke i Geila.
Gotekvilet, kvilestad for seterjentene.
Goteledet, led i Rimegarden.
Neremyrane, nedanfor setervegen.
Askjelhaugen, gravhaus, naturskapt.
Jettefossen, største fos en i Rossåa.
Jettehølen, under foss
Jettekvennhuset, Andesgarden sitt.
Jarnkjelda i Saksemyrane, lekjedomskjelde.
Kolbisholmen, i elva, slåttemark til Mo.
Tviegotene, på eit fint øgdedrag.
Mosmyrholmen, i elva.
Rompå, strimmel — smalnar mot Andagrova.
Øvremyrane, ovanfor setervegen.
Myrariset, eit høgdedrag.
Rompekvilet, ovanfor Rompå.
Gosgarden, grøderikt beite v/fjellfoten.
Olas Ura, også under fjellet.
Monshylla, gammalt slætte på fjellet.
Gjerda, mellom storelva og Andagrova.
Kviene, mellom Andagrova og setervegen.
Andagrova, vassføring som til kvenn.
Hestefossen i Rossåa ved heimste Gjerda.
Hestehølen, under fossen.
Tverrelvane, frå fjellet til Andagrova.
Vakjarhusmurane, i Kviene.
Tveråbakkane, ovanfor setervegen.
Tveråskaret, i fjellet øvst ved Tverrelvane.
Aarehaugen, opp om setervegen.
Svartgjølhamrane, oppom Aarehaugen.
Nyefonna.
Nyefonnledet, der Smogene tek til.
Heimste Heggesletterimen.
Fremste Heggesletterimen.
Rasmus Ola gjerdet.
Rasmus Ola muren-stovemur?
Smogene, framanfor Nyefonna.
Smogegjølet.
Smogegarden, gjerde frå Kviene til fjells.
Nyegarden, skil slåttemark frå beite.
Lykkja, grornem slette ved elva.
Lykkjebakkane, ovanfor Lykkja.
Lykkjeteigane.
Slessfora, stort gyl.
Slessforrimen.
Slessfortunga.
Slessforfossen.

Vakjarhusmuren i Slessfora.
Grisehusmurane i Slessfora.
Brynegrøtet — raud Olivin i fjellet.
Sømnhaugen.
Aakomegrova, oppkome ved Sømnahaugen.
Grassvorslettene, fin grasmark.
Kolholbakken, kanskje etter kolmile.
Kolhola, framover mot Tverrgarden.
Tverrgarden, gjerde mot seterbeite.
Vegen langs Grassvorslettene, han gjekk langs elva.
Bakkevadet (Skyrvadet) over elva.
Bakkeledet i Tverrgarden ved Kolhola.
Oksegjølet, fårleg for krøtter.
Krokegjølet.
Krokegjølrimen.
Klenerimen.
Kvigedalen, ned heilt frå fjelltrømen.
Likkje Alrimen, kanskje av alm.
Store Alrimen.
Føtene, smale rimar mellom gjøla.
Pollen.
Rambjørrimen.
Rambjøra = Svartberget. Ram tyder svart.
Rambjørhornet.
Rambjørura.
Likkje Rambjøra, berghammar framanfor.

Mosbakken, steinut men grøderik.
Mjeltemyrane, bulege til Bakkestøylen.
Bakkestøylen, gammal seterplass.
Vakjarhuset på Bakkestøylen (murane).
Nymarka nedfor Mjeltemyrane.
Jarbryggja, svadberg — vassig.
Jarkjelda.
Fossane, i Rossåa rett av Tverrberget.
Slyngstad, vegen svingar.
Slyngstadkjelda, alltid kald.
Slyngstadkvilet, for seterjentene.
Blåsvæda, svadberg i fjellet.
Heidane, går heilt til setra.
Grisehaugen, nedanfor vegen.
Setervollane, fine haugar.
Mosetra.
Nerestøylen.
Mjølkekjeldene, der var kjølebrunnar.
Øvrestøylen.
Jubileumshaugen.
Seterelva.
Huldrasteinen.
Fyldalheida.
Storegjølet, ved Fyldalsida i syd.
Løfsa, frådelt til Fyldalen.
Likkjeberget, nord for heida.
Stigane, vanskeleg rås.
Ljosådalen, fram og opp for Huldrasteinen.
Ljosådalsvatnet.
Vodene, grannar sa Mosvodene.
Rindane, grannar sa Mosrindane.
Heimste Rindabreden.
Mitre Rindabreden.
Fremste Rindabreden.
Rindetjønna.
Rindeløken, bortgropa av elva.
Sjauhammaren, høgt i Rindane.
Svarterabbane, nord om Vodene.
Svarterabbvatnet.
Høgeheidura.
Saudebakkane, ovanfor Høgeheid-gjølet.
Høgeheida.
Høgeheidkulen.
Høgeheidsetra, nedlagd rundt 1880.

Vakjarhuset på Høgeheida.
Kjerringa, ein fjelltind.
Skadebakken, fårleg før.
Koppegjølet.
Koppane, mange små haugar.
Storebrauthaugen.
Raudfanndalen, overgang mot Romedalen.
Jolgrødene, kanskje vaks her kvannjol.
Kringlehaugane.
Skarhola.
Ørstaskaret.
Syresåen.
Longedalselva.
Blåkollskridene. På dalens vestside.
Moslongskridene, sers godt beite.
Longskridetinden.
Gåpene. Gåpa, gammalt ord for gaupe?
Gåpehammaren.
Bjønnaskaret.
Bjønnaskartjønna.
Bjønnaskarvegen.
Skitnefonneggane.
Nosene.
Trolltinden.
Trollhamrane.
Bjønnalauget (framanfor Høgeheida.)
Bukkedalen, (Mosbukkedalen).
Bukkedalshølen.
Bukkedalsgrova.
Brillevatnet, alltid kaldt og klart.
Likkjebrillå, lita, grunn tjønn.
Vallasetra.
Lemane.
Fremste Tverrbergslegene.
Heimste Tverrbergslegene.
Aakeren.
Tverrberget.
Tverrbergsgaren — eit steingjerde. Her var det gamle bytet mellom Mo og Engeset & Nupen’s utmark.

Når det gjeld stadnamna og ymse anna har eg fått god hjelp av Peder S. Moe. Han kjenner dalen godt og veit svært mykje. Også Ivar P. Moe veit mykje og desse to gardbrukarane på Mo var meg til stor hjelp også når eg skreiv heftet i 1976. Det som er sett inn fremst i denne boka.

Samstundes som eg skriv stadnamna i Mo si beitemark, både i alt det arealet som Mo eigde før Velle fekk bygsla nokon beiterett og det som Mosgrenda enno eig, tek eg med ymse anna som ikkje bør gløymast.

Eg vil ikkje kome for mykje inn på den striden mellom Mo og Velle som har eksistert heile tida etter at Velle tok til med si hevding i Mo sin seterdal.

Dalen er delt no. Dette lyt alle godtaka og det ville vore det gildaste om desse to grannegrendene kunne grave ned stridsøksa og leva saman i fred og verkeleg venskap.

Eg kjenner ikkje ordlyden i domsavgjerda, men gardbrukarar på Mo har fortalt meg at Velle fekk tildelt eigedomsrett etter «alders bruk».

No har Mo ein bra bilveg fram til den setra som er halden i hevd og som delvis er i bruk.

Mo har hatt tre setrar i Mosdalen, men alle tre har ikkje vore brukte samstundes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *