Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Stakkelandskjempene

Stakkeland ligg over 400 meter over havet, 4 km frå Moi og med bratt stigning mest heile vegen. Garden blei folka for over 400 år sidan, men nå har han stått øyde i over 100 år.

Her er kaldt om vinteren. I tiåret 1870-1880 var det to menneske som fraus i hel ikkje langt frå Stakkeland. 0. T. Espeland skrev at dei måtte ha høy og ved i hus for 3 veker om vinteren, for så lenge kunne ein snøstorm vara. Men her var også rikdomar. Ingen gard i bygda hadde så mange gode fiskevatn. Her var aurar på over 2 kg. Men nå er garden tilplanta med skog, og det er ikkje fisk i vatna.

Ein av dei siste som budde på Stakkeland, heitte Ole Stålesen. Kona hans heitte Anna Gabrielsdatter og ho kom frå Løland i Kvinesdal. Barna deira blei kalla Stakkelandskjempene.

Det var mykje bråk og slagsmål etter kyrkjevegen i den tida. Då var det eit stort brennevinsbrenneri på Øysanden med brenner som kom frå København. Men det blei stille etter kyrkjevegen når Stakkelandskjempene nærma seg. Den einaste det er slekt etter i Kvinesdal av desse kjempene, heitte Andreas Olsen (1822-1902). Han bytte gardar 4 gonger, men han bytta ikkje etternamn, som var så vanleg i den tida. Alle barna hans kalla seg
Stokkeland til etternamn, for dei budde der som barn.

Han var sterkaste mann i bygda på si tid, men han var inga slåsskjempe. Dei gamle tala om at han hadde ein bror som var sterkare.

Andreas Olsen blei bare kalla Store Stakkeland. Han var ein velvaksen mann. Han var så brei over akslene at han måtte gå sidelengs inn gjennom døre¬ne. Når hesten ikkje kunne dra lasset gjennom djupe snøfenner, spretta han bare hesten frå og drog lasset sjølv.

Eldste segn om Store Stakkeland er frå ca. 1850. Han kjørte over Groheia til Kristiansand. Midt på heia sprang det 2 røvarar ut or skogen og slo etter Stakkeland. Han var raskare og slo den eine røvaren så han låg som død. Den andre bad for seg og sa: «Spar livet mitt så skal jeg si sannheten. Vi ville slå deg i hjel og ta hesten og pengene dine». Stakkeland  batt armar og føter på den eine. Den andre trudde han var død. Han kjørte så fort han kunne til
Kristiansand til politistasjonen. Han måtte gå frå lasset på gata og melda frå at han måtte drepa ein mann i sjølvforsvar. Då dei kom ut, hadde den døde vakna og løyst kameraten sin og begge hadde røymt sin veg. Dei blei seinare fanga og innsette for livstid.

Tett ved parken i Kristiansand var eit losjihus. Her kunne gjestene få mat og brennevin. Ut på kvelden var dei fleste av gjestene meir og mindre på ein kant. En stor setesdøl var svært høgrøysta og ropa at han var son til Uppstadkjempa — om nokon våga å dra krokfing med han. Då blei Stakkeland sinna og sa: «Om du var son til Fenn sjølv, så skal du til for Store Stakkeland». Dei stod på kvar si sida av eit sterkt plankebord og tok så hardt i at bordet klovna. Då måtte setesdølen be for seg.

Mange år seinare kom son til Stakkeland inn i same losjihuset. Då verten høyrde han var son til han som drog krokfing med setesdalkjempa, skulle han ha mat gratis.

Då Andreas Samuelsen Øvre Haugland gifta seg i 1848, blei det slagsmål så det gjaldt livet. Det nytta ikkje å henta lensmannen. Han ville bare bli kasta ut. Dei henta Store Stakkeland. Han gjekk rolig inn i bryllupstova, sette seg i høgsetet og hogg tollekniven i bordplata og sa: «Nå kan de bara spela dokke, æg he gjætt ein større saueflokk før».

Han kjøpte ofte hestar som var så vonde at ingen kunne ta dei ut or stallen. Stakkeland temde dei på sin eigen måte. Når hesten kom på to med gapande kjeft og slo med framføtene i lause lufta, slo han hesten i hovudet med knyttneven så hesten låg som daud. Når Stakkeland selde hestane, var dei snille som sauer.

Då Bernt Espeland gifta seg i 1875, blei det og slagsmål som gjekk på livet laust. Då var det einkvan som sprang opp dei bratte Stokkelandsbakkane og fortalte at dei heldt på å slå i hel son til Stakkeland. Det tok ikkje lang tid før han stod i bryllupstova. Då var han sinna og slo i loftsgolvet så borda losna frå bjelkane.

Store Stakkeland døydde i Gløvre i 1902. Alle søskena hans fekk ein tung lagnad.

Søren Olsen Stakkeland (1818-1896) blei gift med sitt søskenbarn Sofie (Fia) Johannesdatter Gaustad. Søren var eldst av søskenflokken og fekk garden i 1844 for 100 spd.

Ola Gausdal sa han var ikkje så sterk som brørne sine. Han blei skeivmunna etter at han drakk av ei vasskjella 12 år gamal og fekk tussebet. Han og kona hadde ingen barn, og då trudde folk at dei levde ikkje godt ihop. Søren handla med krøter, men det blei bare armod. Han fekk lov på å få låna pengar av ein ågerkarl, men denne gløymde alltid pengane heime. Søren ville låna 100 spd., men dei kunne ikkje få vitne til å skriva under kontrakta før pengane låg på bordet. Tilsist måtte dei til Eiken for å få vitne. Namnet på ågerkarlen står i «Heimlandet dreg» av Ludv. Jerdal. Agerkarlen fekk 100 spd. og Søren fekk ei geit som blei kalla 100 dalarsgeita.

I 1865 var Søren eigar av 6 kyr og 5 sauer. 10 år seinare var han eigar av 2 geiter. Garden blei selt på tvangsauksjon til Ola Solberg for 132 spd. i 1872. Solberg sa at Søren og Fia kunne bu hos han på Moi så lenge dei levde. Då sa Fia: «Æg vil heller bu på Stakkeland enn i himmerije.» Dei fekk lov til å bu på Stakkeland og slo får til 2 geiter langt inne på heia.

Ein dag seinhaustes var Fia aleine heime. Ho tok tog og sekk og skulle henta ei bør høy langt inne ved Hestvatnet. Ho kom ikkje att og folk trudde at Søren hadde drepe henne. Dei skiftast om å sitja vakt over denne arme stakkaren og truga med evig pine om han ikkje tilstod at han var mordaren. «Æg kan inkje testå noge æg inkje he gjort», sa Søren. Han måtte gå på legd og blei heilt åreforkalka.

Fia var borte i 17 år. Då fann Bernt Årli beingrinda hennar i ei glove ved Hestvatnet. Der hadde ho gått inn i ei glove og frose i hel. Då hadde Søren lege i grava 1 år. Han budde hos bror sin i Stolpan sista år han levde.

Mikal O. Stakkeland kom til Dydland i Kvås. Han var født 1820, og blei gift med Gunvor Knutsdatter Tjomeland i Kvås.

Mikal åtte 2 bruk i Dydland. Han var med og fløytte tømmer i Lyngdalselva. Det var stor flaum og Mikal fall ut i elva og rak med ein stokk utfor Kvåsfossen og utfor mange stryk og fossar til han rak iland langt nedanfor. Han gjekk opp dei lange bakkane til Dydland etterpå, men fekk lungebetennelse og levde 9 dagar etter det kalde badet. Dei gamle sa at han var den sterkaste av dei 5 kjempene.

Tobias Olsen, født Stakkeland 1825. Han blei gift og budde på Brastad i Konsmo. Han trødde i eit rivetind og fekk stivkrampe og døydde før presten nådde fram med nattverden.

Gabriel Olsen Stakkeland født 1829. Han kjøpte gard og gifta seg på Brastad i Konsmo. Han skulle til Mandal og kjøpa inn til jul. Det var mørke natta då han kom til Skjevesland. Dei hadde hogge laus ferja og drage henne opp på land. Gabriel gjekk beint i råka og drukna.

Broren, Andreas, budde på austre Sandvatn i den tida. Då han hadde lagt seg om kvelden, fekk han sjå Gabriel framfor senga, bleik i andletet og drivande våt. Då han kom ned i stova om morgonen, sa han: «I nott he Gabriel okka drukna». Dagen etter fekk dei dødsbodet.

Dei hadde og ei søster som heitte Anne Marie født 1834. Ho blei gift austafor og drukna i ein brønn. Ei tid seinare blei mannen hennar dødssjuk. Då tilstod han at det var mord og han fekk ei lang fengselstraff.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *