Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

STAUTARKONGAR

I eldre tider var det nokre karar i Vossabygdene som vart kalla for
stautarkongar. Dei skulle vera vern kring gardane åt folk. Det laut
vera store, sterke karar. Når det kom framande fantar tiI bygda, var
det stautarkongane som laut jaga dei av garde att.

Dei skulle òg sjå etter legdekallar. Desse legdekallane laut gå på
omgang kring i grendene, og hadde det ikkje vidare godt. Dei vart
handsama som om dei var utskot, og laut liggja på florslemmen, og
matstellet dei fekk, var siste sort.

Stautarkongane var byrge folk. Dei kjende seg verkeleg som kongar. Eit
av gjeremåla deira var å sjå etter at det ikkje var uvenskap og strid
mellom folk i bygda. Og så skulle dei passa på at legdekallane vart
flytte frå stad til stad. Men løna deira var ikkje stor.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *