Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Steinberget paa Forsand-moen

Ein berghaug eller eit lite fjell paa Forsand-moen heiter Steinberget. Rundt ikring er det ein vid og slett mo som no ligg under fefoten; men fyre svartedauden, segjer dei, budde det folk der. Enno er der merke etter husgrunnar rundt ikring heile moen. Ein prest skal vera nedgreven der paa moen, og gravi hans er aa sjaa den dag i dag.

I gamle dagar skal det ha stade ei kyrkja attmed Steinberget; i visso heldt dei paa aa byggja paa ei. Men so var det ei natt at heile kyrkja med tuft og tilja vart flutt; dei fann henne att paa Hole, og der stend ho den dag i dag. Kven det var som flutte henne yver fjorden, det maa eg segja eg ikkje veit; men i Steinberget hev dei nok set baade eit og anna som ein kann taka seg tankar av.

Folk som hev ferdast framum Steinberget naar det var myrkt, hev baade høyrt og set mange ting som tydde paa at det var utrutt. Tidt hev dei kjent ange liksom av steikt flesk. Det finst enno folk som ikkje vaagar seg framum Steinberget naar det er myrkt.

Ein gong — det er ikkje so fælt lengje sidan — skulde ei gjenta fraa Rossavik av til Forsand med nokre brev-greidor. Det leid utpaa kvelden, og ho fekk hest til aa rida paa. Daa ho so reid framum Steinberget, var det eitkvart som tok og heldt hesten. Sidan tok det gjenta um armen og heldt henne so fast at ho mest vilde til aa skrika. Men so hugsa ho seg so mykje at ho tok til aa lesa eitkvart Guds-ord; daa slapp ho laus. Straks hoppa ho av hesten og sprang heim til Forsand i eitt knip; men hesten sette av stad i tenjande tansprang attende til Rossavik.

Paa Forsand fortalde ho kva ho hadde vorte fyre. Var det daa nokon som ikkje vilde tru at det var gale, so fekk dei andre tankar daa dei saag olbogen hennar; han var raud som blod.

Etter den tid hev folk jamt havt ein otte paa seg, naar det laga seg so at dei laut framum Steinberget nattar tider eller i myrkret um kvelden.

Attmed Steinberget stod det til ikring 1888 ei stor pikhella; ho stod der yver ei kjempa, vart det sagt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.