Kildeinformasjon:
Mosdalen Omslag-IIInternt referansenummer:B-31.03.2013
Kilde:
MOSDALEN – BEITEBRUK OG SETERDRIFT
Av: John P. Moe
Ørsta, mai 1976 – November 1980
Utgjevar: Mo Gardstyre, formann Helge Moe
ØRSTA TRYKKERI A.S
Klikk her for å lese ”Innledning om Mosdalen”

 

 

 

Steinkøyring til Rossåbrua

(Soger frå Mosdalen)

(Slik dei levde i munnleg tradisjon)

 

Velle og Mo skulle, kvar på si side av elva, køyre stein då brua skulle byggjast. Moskarane leita vidt og breidt for å finna høveleg stein. På Heggeslettene midt oppe i lia ovanfor Gjerda låg ei fin, stor steinhelle. Dei var mange mann og hadde fleire hestar med.

Etter harde basketak fekk dei steinen ned til vegen og opp på sledane. Køyringa gjekk på ein måte, men steinhella var tung og då dei kom i motbakke ved Goteledet var det bom stopp. Dei sleit og streva alt dei vann, men til fånyttes.

Då gjekk Ellings-Jo heim, tappa øl i storegryta og varma det. Så bar dei det varme ølet fram til dugnadslaget og etter at karane hadde drukke ølet, spente dei hestane føre på nytt og tok sjølve tak. Det gjekk då så lett at dei stogga ikkje før dei var ved brua.

Heggeslette-steinen var den finaste i heile rekkverket til brua der han låg til brua vart omarbeidd rundt 1920. Alle Mosgutane kjende steinen og soga hans så lenge han låg der.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *