Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Steinstolen under Strond i Selgjord

Steinstolen heiter ein plass under Strond i Selgjord. Plassen hev fengi namne sitt av ein stein som stod der, førr plassen vart rudd, og som var paa skap som ein kubbestol.

So var det med gamle Steinar Strond livde, han fann paa aa køyre steinstolen heim til Strond, og sette ‘n i tune der til ein raritet. Men um notti vart det uroleg i tune paa Strond. Steinstolen stupa og krinta seg rundt tune, og det dunka og duna heile notti, so folk paa garden ikkje fekk sova. Detta varde nott etter natt, og seinstpaa saag kje Steinar seg onnor raad enn a køyre steinstolen burtatt der ‘n førr hadde stadi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *