Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Stellingsfe


I Vestringsgardo var det sume bønder som leigde burt stølar til slike som tok mot stellingsfe frå Flatbygdene. Ho Olea i Nøygd'n (ein plass) sat soleis på Hervass-støle, som ho hadde leigt tå Vesterbø. Her tok ho mot stellingsfe frå Haland og Toten. Vesterbø fekk berre gjødsli av krøteri i leige. Denne hadde dei på stølsvollen. Vesterbø fekk difor ubøtteleg med fôr på denne stølen.
Slåttefolki skulde òg ha fri mjølk den tidi dei onna stølsvollen. Vesterbø heldt stølshusi i stand, so det var godt buande, og so hadde ho Olea fritt ved. Nøygde-folket kunde ta inn so mykje utanbygdsfe dei vilde. Men det var sjeldan ho Olea hadde meir enn 20 kyr saman med nokre ungfe, hestar, geiter og sauer.

Busalt var det taksten at krøtereigarane let til. Regelen var at dei skulde sende med krøteri sine 1 bismarpund til kvar ku og ½ bp. til kvart småkrøter.

Ho Olea hadde primet for stellet og so nokre skilling for kvar ku attpå. So levde ho og huslyden hennar fritt av krøteri den tidi dei var på stølen. Primet selde ho for 1 skilling morki for surprimet og 2 skilling morki for søtprimet. Krøtereigaren fekk då alt smøret og all kvitosten.

Surve gonger tok ho Olea mot stellingsfe på forsagt. Då svara ho av gode vårbære kyr 2 bp. bumat av kvart slag, av ost, prim og smør. Av tidlegbæror svara ho berre det halve. Resten hadde ho for stellet. For dei krøter som ikkje gav bumat, hadde stellaren vederlag. Det heng i meg at det var 12 skilling for kvar sau og 1 dalar for kvart ungfe. Stellaren hadde plikt på seg til å kløvja all bumaten ned i bygdi, til Vesterbø, for betaling. Oftast var det krøtereigaren som let til hest. På Vesterbø vart so bumaten uppvegen og levert um hausten på same tid som krøtereigaren tok mot krøteri sine.

Hende det ulykke på krøteri, laut den som åtte dei, bera skaden når det ikkje kom av reint vanpass. Eg hugsar ein Piper'n i Skrautvøl hadde stellingsfe på stølen Einebu. Han tok mot krøteri for tidleg, so det kom kulde og snø. Det døydde mange hestar og sauer. Dei daude skrottane låg att i stølshamnen heile sumaren, so det lukta, so det var fælt. Men han slapp gje vederlag for skaden. Det var ei hendeleg ulykke.

Ein farbror min, Hans i Nøygd'n, og besteforeldri mine, Ragndi og Arne Lillimo, dreiv òg mykje med stellingskrøter. Han Hans sat ein surnar på stølen Habnskjer, og på stølen Grane Dokken hadde han krøter i mange sumrar. Ragndi og Arne hadde krøter på Sinderstøle. Alle som tok mot utanbygds stellingsfe, brukte å fara ut på Flatbygdi midvinters og tinge på krøter og bli samde um forsagtet. — No er det longo slutt med å ta mot stellingsfe frå Flatbygdene.

Mange husmenn hadde ikkje støl sjølve. Dei fekk då gardkjerringane til å stelle krøteri sine. For stellet svara dei 1 mål skurd for kvar ku og 1 mål for 6 geit. Ungfeet gjekk attpå. Husmannskjerringane gjekk då vanleg på stølen ein gong kvar veke eller kvar 14. dag — etter som storleiken på stellet var — og buskapa eller stelte or d. e. kinna, ysta og kokte åt prim. Bumaten bar dei med seg heim når dei var ferdige.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *