Internt referansenummer: B-28.06.2013
Kilde:
LENSMENNER I ROGALAND
Av: Torkell Mauland
IV JÆREN
PRENTA I STAVANGER AFTENBLAD
1926

 

Sten Gustav Blix (Lensmenner i Rogaland)

(GOA SKIPREIDA)

Sten Gustav Blix vart sett til lensmann i Goa skipreida etter Oftedahl 2. november 1842. Etter uppskrifter av C. Delgobe var han fødd 1803. Foreldri hans var Sten Gustav Blix (f. 4. mars 1773, d. i Nidaros 10. mars 1829, då av gjengen kaptein) og Maren Dortea Hammer (f. 1777, d. i Fredrikstad 1828). 1830-åri var han på kantoret hjå skrivar Preus i Stavang, vart 1834 nemnd fullmekt og greidde sume ærend fyr skrivaren, m. a. på Sjernarøyarne 7. januar 1834 (forhøyr) og i oktober s. å. i Vikadal (takst på kyrkja).

Han var gift med Rasmine Petrine Lassen frå Tune prestegjeld; men dei vart skilde i midten av 1830-årl. I juli 1837 sende han 25 spd. fosterløn til sonen Carl Johan Blix.

I 1843 vart han gift andre gongen med Grethe Birgitte Gundersen. Med henne hadde han 4 born som alle livde yver henne. Ho døydde på Håland 13. mai 1856, 52 år gamal.

I 1852, då tinglagi vart umskipa, vart han lensmann i Hetlands tinglag. Han budde — i minsto nokre år — på Håland i Randaberg. I 1853-1854 var det sumtid ting på «lensmannsgarden Håland».

I 1850-åri hev han havt ein hjelpesmann i byen. 11. august 1855 lyser futen i avisorne at lensmann Blix no styrer lensmann-umbodet i Hetland åleine.  Blix sjølv lyser og ut at han vil vera å finna på Håland alltid når han ikkje er ute i lensmannsærend, og jamvel då vil han syfta fyr at folk der skal få gjort ifrå seg vanlege lensmanns-saker.

Han var noko sli til å drikka, og i pengesaker hadde folk ikkje tillit til honom. Garden hans skylde 4 1/2 spann korn eller 4 ort 15 skilling. Han skylde pengar til futekassa, og 12. mars 1858 vart det panta både i lausøyra og i garden.

Auksjon vart lyst 18. mai s. å. Litt seinare baud Blix sjølv ut garden med lausøyra. Då vart nemnt; 2 kommodar, 1sjiffoniér, 3 sofaer, 4 bord, stolar, ei seng, sengjaklæde, 3 kyr, 1 hest. — Andre og tridje auksjonen skulde vera 10. juli 1858 med 2 timar millom kvar auksjon.

Garden må ikkje ha vorte seld på denne auksjonen. 13. mars 1858 lyste futen i avisorne, at Ådne Ådneson Tasta var sett til å taka imot skatten i staden fyr Blix. 3 dagar seinare lyste han ut at Blix var «entlediget», og at Ådne Tasta var sett i staden til å greida millombils med lensmanns-umbodet. Det vart lyst falt 20. mars s. å.

Blix døydde 5. desember 1859. Siste brandtaksten han heldt, var i november 1857. I 1860 var det tillyst auksjon yver garden fyr skuld til Omund Stokka o. fl. etter skades-lausbrev frå 5. mars 1853. Tore Rygg kaupte garden. Ikring 18. juli 1860 lyste han ut at han vilde selja til burtflytjing eit stovehus som stod på garden, mest nytt.

Finn Hoje var ein fatig mann som ikkje hadde greidt skatten eit år. So kom lensmannen og panta, og han tok utlegg i grisen. Då Blix seinare kom og skulde halda auksjon, hadde dei ete upp mest heile grisen. Dei spurde korleis det hadde gjenge til, og då svara Finn: «Grisen åt med oss, so lengje me hadde noko; då me ikkje hadde meir, so åt me grisen». Han slapp med det den gongen.

Då Blix hadde falle ifrå, vart det skrive i avisorne at dei hadde ræddast fyr stort tap; men det såg ikkje soleis ut. Derimot tok dei til å ræddast fyr ugreida i rekneskapen. Det var nok mange krav som ikkje var avskrivne; sume fekk krav på skatt fyr 1844 eller brandskatt fyr 1845. Dei var hepne som hadde gøymt på kvittingarne.

 

Goa skipreida vart rekna 1661:

1. Søre Sunde, 4 1/2 pund korn; Håland nr. 40. Herunder Austreim (øyde), 1 vætt 5 spann korn.

2. Vistnes, 3 1/2 p. k.; Hetland nr. 57.

3. Nedre Tasta, 3 1/2 p. k.; Hetl nr. 29.

4. Sande, 3 p. k., med Øvre Sande, 3 v. k.; Hett nr. 53.

5. Viste, 6 p. 3 v. k.; Hetl. nr. 59.

6. Ytre Bø, 4 p. k.; Hetl nr. 55.

7. Øvre Tasta, 6 p. k.; Hetl nr. 28.

8. Harastad, 6 1/2 p. k.; Hetl nr. 49.

9. Reveim, 4 1/2 p. k.; Hål. nr. 39.

10. Indre Bø, 3 1/2 p. k.; Hetl nr. 54.

11. Randaberg, 3 p. k.; Hetl. nr. 51.

12. Nordre Sunde, 3 p. 1/2 v. k.; Hål. nr. 41. Herunder Skjelbreid (øyde), 1/2 v.
k.; Hål. nr. 41,5.

13. Austbø, 6 p. k.; Hett nr. 7.

14. Husabø, 6 p. k.; Hetl. nr. 6.

15. Rygg, 3 p. k.; Hetl nr. 47.

16. Lunde, 3 p. k.; Hetl nr, 1, 2 og 4.
17. Tunge, 2 p. k.; Hetl. nr. 52.

18. Todneim, 2 1/2 p. k.; Hetl nr. 50.

19. Håland, 2 p. k.; Hetl. nr. 62.

20. Skeie, 2 p. k.; Hetl nr. 5.

21. Grøteira, 1 1/2 p. k.; Hetl nr. 48. Herunder Dusavik, 1 v. k.; Hetl nr. 28,67.

22. Vestre Goa, 1 p. 1 v. 4 sp. k.; Hetl. Nr. 60.

23. Finnastad, 1 p. k.; Hetl. nr. 31.

24. Øystre Goa, 1 p. k.; Hetl nr. 61.

25. Leikvang (no Leikvoll), 1 p. 1 v. k.; Hetl nr. 63.

26. Raustein, 1/2 p. k.; Hetl. nr. 58.

27. Hoje, 1 v. k.; Hetl nr. 30.

28. Vistvik, 1 v. k.; Hetl nr. 56.

29. Madla, 8 p. k.; Hål. nr. 38.

Etternemnde gardar låg og i Goa skipreida, men er lagde i skyld seinare en 1661:

30. Bispe-Ladegård, 1 1/2 laup smør; Hetl. nr. 21.

31. Hetlands prestegard, 4 1. sm., Hetl nr. 23.

32. St. Peders Gjerde, 12 merker sm.; Stavang.

33. Bergeland, 9 mk. sm.; Stavang.

34. Kannik, 1/2 1. sm.; Stavang.

35. Hilevåg, 18 mk. sm.; Hetl nr. 22.

36. Kalvøyi med Hellesøy, 9 mk. sm.; Hetl nr. 11 og 10.

37. Lindøy, 4 mk. sm.; Hetl. nr. 9.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.