Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

STENGJA BLOD

Ein preikesundag slost to hestar på kyrkjebakken i Bjelland. Den eine blei skamspend og ille tilreidd, så blodet fløymde. Så henta dei ein trollmann. Han gjekk bort i jenteflokken og spurde om nokon hadde ein klut som var rulla om søndagen. Ei jente flidde han ein klut som ho hadde rulla om morgonen. Trollmannen slo så hesten med kluten og baud i den vonde sitt namn at blodet skulle stå, likeeins som den vonde stod då denne kluten blei rulla. Straks etter blei det ikkje blodsdropen att i såret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *