Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Sterk kone i Sørbygda

For noen hundraår sia fann ein gardgut i Soknedal gifta si på ein underleg måte. Han vår frå Sørbygda. Denne ungguten var mest interessert i jakt og fangst. Mykje av året heldt han til i Sandfjelltraktene saman med andre gutar frå grannelaget.

Ein haust låg dei på ei sæter og hadde det retteleg fint i det gode været. Dei jakta og fiska. Rype var det nøgda av og dags-fangstane var gode.

Gutane hadde munnladningsgevær, krutthorn, haggelpung, tenhatteske og stry til mellom- og forladning.

Å lada nytt skot tok noko tid, men den vara hadde dei mest av. Ein kveld kom ikkje gardguten til sætra frå jakta. Dagar tre og like mange netter var han borte.

Kameratane leita etter han, men dei fann han ikkje.

Til sist for dei heim og varsla at han var bortkomen i Sandfjellet. Truleg hadde han skote seg slik at han ikkje var kar til å ta seg fram.

Men han var komen heim same dagen som han vart borte frå dei andre. Hadde ikkje tenkt det var noko å bli redd for. Vaksen kar og alt ihop.

Slik hadde det gått for seg:

Han gjekk ut på jakt tidleg om morgonen. Det bar oppetter ein bekkdal mot høgda. Skulle sjå etter skarven – høgfjellsrypa denne dagen. Men han såg ikkje ei einaste rype. Ut på dagen fekk han sjå ei som sat på ein stein utpå kanten av ein djup bekkdal.

Det small og rypa tulla ned i bekkdalen.

Da han kom frampå brona sat det ei ung jente nedmed bekken og lo mot han. Rypa hadde ho i fanget.

–    ”Det var nære på det,” sa han.
–    ”Var så,” svara ho.
–    ”Kva gjer du her einsam i fjellet og seinhaustes?”
–    ”Søkjer arbeid for døde er både far og mor – heile mi slekt.”

Og ho vart med han til Sørbygda. Ho fortalde lite om folket sitt. Sa berre at ho var frå Foldalen.

Det vart eit par av dei to, men han var ein dårleg arbeidskar i første åra dei var gifte. Han kom seg ikkje til med nokon ting. Og noko framgang vart det ikkje korkje med jord eller dyr.

Ho masa lenge på mannen og ville ha nytt baksttrau. Det gamle hadde høl i botnen av bruk frå alders tid.

Kona hadde sett seg ut ei stor kjølfurru til trauemne. Denne furua snakka ho om tidleg og seint.

Ein snøversdag under jul sat mannen framfor peisen og lata seg. Det var stri sønnavind som ylte og kvein kring novene.

–    ”Kom deg ut og hent kjølfurua no må eg ha det baksttrauet. Eg vil ikkje venta lenger no!”
–    ”Det æ for stygt ver både for hest og kar,” sa han.
–    ”Så sit der da, spar både hesten og deg sjøl. I slikt ver æ det kjerringa sjøl som må til. Og no skal ho vise seg så det spørs.”

Ho klædde godt på seg, tok øks i handboggåløkkja og strauk inn i snødrevet.

Teikna av Anders Krigsvoll

Mannen pusla med veden borti vedskjulet. Ja det var mest einaste arbeidet hans på vintertida. Husmennene kjørte heim markahøyet og sæterhøyet. Sjøl var han aldri med.

Snødrevet var like tett.

Med han står attmed hoggstabben kjem kona gåande frå skogen. Ho har hogge kjølfurua og ber trauemnet på aksla. Det er ein stokk så diger at han ikkje er til å femna. Ho slengjer han frå seg i snøen framfor mannen.

–    ”Gjer trau, og hadde eg ikkje vore så glad i deg, da skulle du vel fått smaka!”

Ho held neven oppunder nasen på han.

Og mannen vart ein annan etter den dagen. Han tok seg meir av gardsarbeidet og det vart stor velstand på garden.

Trauet laga han, og det vart noko til trau. Det tok ein deig av tre våger mjøl.

Trauet er på garden den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *