Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Bakkarukjen

Ein mann ropa dei for Bakkarukjen. Han skulle vera overlag sterk, og dei gamle rødde mykje om han. Eit ålgjengt omkvæde var:

«Da va ingjen so graidde da. Dao laut Bakkarukjen te.»

Eller:

«Dai visste seg ingjæ rao. So skjikka dai bò ette Bakkarukjen. Fy han va da berre so ait badnaspel.»

Det rette namnet hans har eg aldri høyrt.

Lofthus
stod det so gildsleg eit bryllaup ein gong for lenge sidan. So var det
om morgonen den fyrste dagen. Gjestene var nett komne, og no hadde
kjøkemeisteren fått dei til sætes attmed dei lange veitlebordi i den
store røykstova. Dei bia no på bruri.

Konone hadde kledt henne i den gamle brurabunaden med gylt sylvkrune på
hovudet, og spelaren skulle til å spela henne inn i stova. Då kom det
over bruri at ho laut av for seg sjølv. Ei brur skulle aldri vera
åleine, det var gamalt. Det var so mange fårar som lurde på henne. Og
soleis var det no òg. Eit troll tok henne, og førde henne bort frå
garden.

Bakkarukjen vart vis med dette, og han munde nok ha kjent trollet att. Han ropa upp i loftet åt brudgomen:

«Eg ser du sit'ù. forbina.
Da styggaste trodle i Skjeggjadalen
dansa mæ bruræ dina!»

Det vart no idlalæte i bryllaupsgarden, men Bakkarukjen lova å henta
bruri attende. Han tok i veg åt Skjeggjadalen med same, gjekk innetter
strandi. I Skjel
vik braut han av ei diger fure til stav. På Isberg var folk nett i ferd
med å setja upp ei løe, og då Bakkarukjen kom til tuns, då stod dei og
skoda på ei stavlægje.

«Ka æ da so æ i vegjen mæ denn' stokkjen dekan?» spurde han.
«Å, han æ for stutt'e», svara husbonden.
«Dao kann me byta. De ska fao staven min.»

Og dei so gjorde. So bar det uppetter bakkane frå Isberg, og so over fjellet åt Skjeggjadalen.

Det bar i hop med Bakkarukjen og trollet med same, og striden enda so
at Bakkarukjen slo det i hel. Og so kom han attende med bruri. Men ho
vart aldri retteleg seg sjølv etter denne hendingi.

Bakkarukjen skal liggja i ein haug på Lofthus, nede med strandi. Haugen synte so seint som i 1890.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *