Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Erling Bagne

Han Erling Bagne var vel den sterkaste kar i bygdi i si tid. Dertil skulle han vera omframt fim og snau og spræk.

Ein haust hadde han eit ærend til tinget i Granvin, kva det no var. Han lånte seg ein øyk og reid i veg, og alt gjekk godt og vel. Om kvelden tok han på heimveg. Det vart seint for han, og på fjellet kom myrkret på han, og sovore myrker hadde han Erling aldri vore ute han såg ikkje so langt som øyken var lang til ein gong.

Men han Erling var ikkje tå dei som vende på vegen. Hesten fylgde faret sitt, og alt gjekk vel til Angerskleiv. Då bråstogga hesten og stod som ein kyrkjestolpe. Han Erling hoppa då tå øyken, og so heldt han honom i beislet med den eine handi og tuma framfor seg med den andre, om so var at einkvan ville bægja. Og trur du ikkje at han tok beint hegi armen på ein kar!

«Kem hùm æ du fy ain?» spurde han Erling. «Ha du ikkje vit te ga te leds naor du møte riande folk?»

Det knatt ikkje i karen. I staden greip han Erling om herdane og skok han og ville slengja han i koll. Han Erling treiv han om ryggen, og no laut karen skifta tak, og so vart det ei hard ryggjakneppa mellom dei. Han Erling tenkte som so, at det skulle vera vandalaust å leggja karen i bakken, men han rauk no ikkje i fyrste kastet. Det var ein sleip fant han hadde råka i, var det likt til, og det var so mykje han Erling stod seg. Seint om sidan fekk han då fyren på rygg. So gav han honom nokre daskar under øyro, so mykje han tenkte han kunne tola. Og so slepte han honom. Då la det til med ein storskratt nedi Skjelmarshaugane, so det braka i alle berg rundt ikring. Og sidan høyrde han einkvan som ropa: «Jau, no fekk du dragast mæ han Edling Bagne!»

Då skjøna han Erling at det var ein haugakar han hadde vore i kast med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *