Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Helge Seim

Han Helge Seim var ikkje tå dei høgste, men han var rundvaksen og velvaksen. Han var den sterkaste mann i Røldal den tid han levde, kan eg tenkja. — Det låg ein lyftingsstein på den gamle marknadsstaden. Han var ein styrkeprøve, og mange var dei som velte på han. Men ingen greidde å lyfta han upp i fanget anna han Helge.

Det var i eit jolalag på Horda. So vart det ugreie i flokken, kva det no var. So gjekk han Helge der og sveiv på golvet med eit barn på armen. Folk vart meir og meir høgmælte, og det var likt til at det skulle bera i hop. På bordet stod det ei skjeppeskål tramfull med øl. So gjekk han Helge bort og tok skåli med den eine bandi og drakk. Men då vart det kurt i laget. Eg spår det hadde vel fata i han Helge òg. Det vart eit skar i skåli etter klypa hans. Han Nils Berge kjøpte skåli på ein auksjon på Tufto, gav femti kronor for henne. Det var mange pengar då. Han Helge var farfar min.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *