Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Indre Ædna

Han var heller låg, men velvaksen. Makti hans låg langt over evlet åt mangmannen. Han var òg sværande spræk. Og so var han no ein hause.

Han slo uppi Loftsskår i Raunsdalen, der var so sterkt eit gras. Du skulle sét dei byrdene han kom til sjos med! Dei tottest vera som skogaløor på ryggen hans. Han hadde slik ei tru på moldi i Loftsskòr. Han fylte lommone med mold og bar med seg heim åt Ædna.

Eit par ørnar hadde reir i Skotet. Dej drap lamb og kje og tok på vaksne geiter. Han Indre fekk då med seg henne Gyrid (dotteri), skulle freista få øyda dei. Han batt ei line under armane, og ho Gyrid stod attmed ei bjørk og gav ut tau. Eit bel sveiv han i lanse lufti. Men ned kom han og drap ungane og sette eld på reiret.
Og upp att fekk han    grava seg òg. Det var eit kursstykke som det stod gjetord tå.

Han Indre kunne taka ymist arbeid ikring i fjorden, og ofte var det gjeremål som det ikkje låg for kvar mann å gje seg i kast mcd. Ein gong på fyresumaren heldt han på og tjørebrædde taket på Kinsarvik-kyrkja . Han Svein, sonen, var med. Dei hadde nistemat med, og låg i kyrkjedøri. På Bråvoll dreiv ein kaptein på og ekserte med eit kompani soldatar. So skulle han Indre til å bræda busti (kjølen). Tek han då tjørebytta i ei hand og kosten i den andre, og so «volterar» han frå den eine enden av busti til den andre. Det var då ikkje fritt for at soldatane tok til å gløsa. Og kapteinen laut snu på hovudet, han òg. Best det er, hengjer Indre bytta ifrå seg, og der står han på hendene! Då lyt kapteinen stogga eksisen, so alle kan få sjå. Presten Rørdam kalla dette karsstykket «formastelse», og sa at det var å freista Vårherre.

«Hadde du falt ned den gangen, så hadde du ikke fått kirkegården», sa han.
«Eg hadde no vel fengje 'an fyst'e, eg, dao», svara han Indre og lo.

Ein sumar skulle han henta kissebær hjå den same presten — og so strauk han bæri tå med hendene.

«Den Indre i Åen er en meget slett bær-plukker», sa presten.

Han Indre åtte fire bon. Dei rekna det no ikkje for å vera so stort barnalag i hans tid. Ein sundagsmorgon i 1808 stod han i kontoret åt presten, skulle melda inn kona si til kyrkjegang. Det hadde kome ein ny mann i kallet no, den vidgjetne Niels Hertzberg.

«Kommer du nå igjen med konen din?» spurde han.
«Eg spùre ùm du vilde laia kono mi in i kjyrkjo», sa han Indre, han stod med hatten i handi, «å eg spyr'e ikkje ùpp-att'e.

Nektar du, so laie eg kono mi in sjøl'e, herr pastor. Men so fær du helde ingjen dale.»

Og so gjekk han. Då laut presten ropa han inn att og beda seg heim att.

Det var so grust å vera bibel-lærd då, og han Indre låg inne med ikkje liten bibel-lærdom, tykte han. So var det ein konfirmasjonssundag. Presten spurde, og borni svara. Det var ein dur i kyrkja so fælt, for borni svara i kor. Men best det var, stogga duren, og presten skoda frå den eine til den andre. Han hadde sett fram eit spursmål som ingen evla svara på. Han hielpte noko på veg, men borni stod berre og heka. Då var ikkje han Indre god til å halda seg, for han låg inne med svaret.

«Vait de ikkje detta, bodn, so vait de for lite», sa han.
«Så får du si det, du da», sa presten heller kvasst.

Dette kom reint uventa på han Indre, og der fór svaret.

«Um eg ikkje vait da no, so vait eg no da at eg ha visst da», sa han.
«Det samme kan barna også si», svara presten turt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *