Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Sterke folk

Han Isak Rogdo

Den sterkaste mann som har vore uppalen her i grendi, var han Isak
Rogdo. Han godsleg, men ikkje meir enn at det var råd å terga honom.

Han Isak var ferdakar, reiste på Nordland. Han åtte ei stor jord på
Tjøtta . Han åtte eg to farty: ei skøyte og ein galeas. Han kom til å
gifta seg med ei kvinne der nordantil.

Han hyrde på jamnen sjøfolk frå heimbygdene. Foreldri bad han gjerne at
han fekk ha eit vitord over gutane, helst om dei då ikkje hadde vore
ute før. Han Isak hadde då som eit ansvar for dei, totte han.

Det var no i byane største fårane låg. Ein gong kom han til Bergen med
fisk. Før gutane gjekk på land, bad han dei fara sømeleg åt.

«Her æ mangje, her, so gjedna ve ha tak i penganne dekan», sa han.

So kansa han på ein handelsmann som dei kunne lita på.

«Dar fær de alt de tar, å goa varùr te rimùlæ prisar», sa han. «Gloym
so ikkje te saia at de hoyre te pao ait tao fartyæ hans Isak Rogdo», sa
han.

Men no veit du korleis ungdomane er, dei skjønar no alt best sjølve. Og
so leita dei upp sin eigen kjøpmann, dei, og der kjøpte dei varone
sine. Dei fekk rekningar på varone, og rekningane tynte dei bort. Når
dei so kom attende og skulle betala, og kjøpmannen bad om rekningane
deira, so stod dei der. Han skreiv då ut nye rekningar, og dei lyddo på
større summar enn dei fyrste. So var det ikkje anna å gjera enn å
leggja ut pengane, endå so tregaleg det var. Men dei lova med seg at
han Isak skulle få vita det.

«De æ nokre tùmlingar», sa han. «Eg kann ikkje gjera so mykje mæ detta, men høve da so, kann eg no koma te heisa pao mannen.»

So var der ein sal i byen dei kalla Toddysalen. Eg veit ikkje likare
enn at han skulle vera i Muren. Der samla gjerne skipperar og båtsmenn
frå Hardanger seg om kveldo. So bar det soleis til at han Isak kom til
å vera seg der like til om morgonen, til handelsbuene hadde opna. Då
kjem den kjøpmannen som hadde snytt gutane, skal ha seg eit glas. Fatar
då han Isak i skjøtefrakken hans og vrid rundt til ein sekkjamule, og
tek han på ryggen og ber han utetter Strandgata og attende til kontoret
hans. Politiet sprang inni smaui og stod og glytte og heldt seg på
magen og lo, og det same gjorde heile den flokken som etter kom.

«Denn' skjyssen ska du fao fy inkje», sa Isak då han sette mannen ifrå seg», «fy du va so grai'n mæ gutanne mine.»

Nei, han Isak var ingen morboge. Å langa t. d. ei sildatunne over farty-rekkja kosta han ingen ting.

Ein gong hadde han smaka på litevetta skjenk i ei stove i Bergen.
Verten bad ein søgning at han fekk tukta denne karen, men Isak riste
han ifrå seg. So kom det ein politimann. Men Isak treiv han i nakken og
kasta han bortover golvet. So kom det fleire, men ingen våga å røra
honom. Sistpå var det samla, heile korpset, men han Isak stod.

«No kann de berre koma, haila lagje, so ska de fao sjao at ho Guri Rogdo ha gòve meg mat», sa han.

Ho Guri Rogdo var mor hans, det.

Til slutt gjekk han på politistasjonen sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *